Prostaglandin
Prostaglandin er ei viktig gruppe av lipid. Dei blir danna frå fleirumetta feittsyrer ved hjelp av enzym. Alle prostaglandin har 20 karbonatom, inkludert ein fem-ring. Dei er signalsubstansar og har ei rekkje fysiologiske verknader. Dei blir klassifiserte som lokalt verkande hormon.[1]
Prostaglandina utgjer prostanoida, saman med tromboksana. Prostanoida er ei undergruppe av eicosanoida.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet prostaglandin er avleidd frå prostata. Prostaglandin blei først funne i sædvæske i 1935 av to forskarar uavhengig av kvarandre, svensken Ulf von Euler,[2] og M.W. Goldblatt,[3] Dei trudde stoffet kom frå prostata, i røynda kom det frå sædblærene. Seinare blei det vist at prostaglandinar blir laga mange stader i kroppen.
I 1971 blei det vist at lækjemiddel av aspirin-typen kunne hindre syntesen av prostaglandin. I 1982 fekk biokjemikarane Sune K. Bergström, Bengt I. Samuelsson og John R. Vane Nobelprisen i medisin i lag for forskinga si på prostaglandin.
Funksjon
[endre | endre wikiteksten]Det er for tida ni kjente prostaglandinreseptorar på ulike celletypar. Prostaglandin har såleis verknad på celler som muskelceller i veggen på blodkar som opnar eller stenger, på blodplater og er årsak til samanklumping eller oppløysing og på nerveceller som gjev smerte. Dei formidlar betennelse, regulerer kalsium-transport, hormon og cellevekst.
Prostaglandina har kraftig verknad, men ei kort levetid. Dei verkar difor berre på cella dei blir produsert i eller celler rett i nærleiken.
Lækjemiddel som NSAIDar, kortikostereoid og COX-2 selektive inhibitorar verkar inn på prostaglandinsyntesen.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Syntetiske prostaglandin blir brukte:
- Til å sette i gang fødslar (eller rettare; gje rier)
- Hindre lukking av ductus arteriosus hos nyfødde med enkelte medfødde hjartefeil
- Til behandling av magesår
- For å vide ut blodkar , t.d. ved pulmonal hypertensjon
- I behandlinga av grøn stær (glaukom)
- I behandlinga av impotens (PGE1 as alprostadil).[4]
Referansar og kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jacob SW, Francone CA, Lossow WJ. Anatomi og fysiologi, 2. utg. Oslo, 1985.
- ↑ Von Euler US. Über die spezifische blutdrucksenkende Substanz des menschlichen Prostata- und Samenblasensekrets. Klin Wochenschr 1935;14:1182–1183.
- ↑ Goldblatt MW. Properties of human seminal plasma. J Physiol 1935;84:208-18. PMID 16994667.
- ↑ Medscape Early Penile Rehabilitation Helps Reduce Later Intractable ED [1] URL reference on 10/23/05.
- Engelsk Wikipedia