Provinsen New Hampshire
|
Provinsen New Hampshire i Britisk Amerika var produktet av fleire engelske landkontraktar datert frå 1623 til 1680, og i mykje av kolonihistoria til kolonien var han underlagt Massachusetts-kolonien og leiarskapen i Boston.
Dei første busetjingane til kolonien var Little Harbor, Dover, Portsmouth og Exeter. Busetjinga i Exeter vart grunnlagt i 1638 av John Wheelright, ein disippel av Anne Hutchinson. Desse stadene vart samde om å bli sameint i 1639 og i 1641 gjekk dei med på å slutte seg til Massachusetts-kolonien. Kongen skilde New Hampshire ut i 1679 (som del av maktovertakinga til kong Karl II), samla han med Massachusetts igjen i 1699 og separerte han for siste gongen i 1691, då han vart den kongelege provinsen New Hampshire.
New Hampshire fekk ikkje eigen koloniguvernør før i 1741.
Det omstridde territoriet som vart tildelt New Hampshire (New Hampshire framsette krav på det, ein dommar gav det til New York), vart seinare staten Vermont.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Provinsen New Hampshire» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2011.