Puerto Williams
Puerto Williams | |
---|---|
Utsikt mot hamna med kvasse fjell i bakgrunnen. Oktober 2007. | |
Styresmakter | |
Land Region Provins Øy |
Chile Región de Magallanes y de Antártica Chilena Antártica Chilena Navarino-øya |
Grunnlagt | 21. november 1953 |
Alcalde | Hugo Henriquez Matus |
Geografi | |
Flatevidd | 0,99 km² |
Innbyggjarar - By (2002) |
2262 |
Koordinatar | 54°56′S 67°37′W / 54.933°S 67.617°W |
Tidssone | -4 (UTC-4) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.ptowilliams.cl |
Puerto Williams er ein liten hamneby på Navarino-øya i Eldlandet, heilt sør i Chile. Byen er provinshovudstad i Antártica Chilena, som er underordna Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Dersom ein reknar Puerto Williams som ein by, er han den sørlegaste byen i verda. Viss ikkje, er det Ushuaia (ca. 57 000 innb.) på den argentinske delen av Eldlandet som går av med tittelen verdas sørlegaste by.
Namn og grunnlegging
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagd den 21. november 1953 som Puerto Luisa, men namnet vart snart skift til Puerto Williams etter den britiske sjøfararen John Williams Wilson (1798-1857). Wilson oppheldt seg mykje i Chile og var grunnleggjaren av Fuerte Bulnes; den fyrste busetnaden i Magellansundet sidan 1587.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Puerto Williams er bygd rundt ein marinebase (verdas sørlegaste), og mange av innbyggjarane jobbar i det militære. Dei siste åra har det sivile folketalet auka - i år 2002 var det totale folketalet kome opp i 2262. Marinesjukehuset i byen vart opna i 1960. Puerto Williams er også ein avgjerande viktig by for båttrafikk gjennom Magellansundet. Ifylgje ein kontrakt underskriven av Argentina og Chile i 1984, må alle som vil reisa til sjøs frå Stillehavet til Atlanterhavet gjennom Magellansundet starta i Puerto Williams.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Punta Arenas er utgangspunktet for å koma til Puerto Williams. Herifrå går det ferje til Navarino-øya ein gong i veka samt småfly til Puerto Williams to gonger dagleg på vekedagar.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Turisme i Puerto Williams blir stadig meir populært. Mange brukar byen som utgangspunkt for fotturar i fjella, og overnattar på vandrarheimar eller gjesteheimar i byen. Det er også mogleg å fiska eller padla kajakk. Her finst òg verdas sørlegaste museum - eit antropologisk museum som har utstillingar om dei innfødde Yaghan- og Selk'nam-folka. Puerto Williams har også ein botanisk hage med subantarktisk flora. Dessutan husar Puerto Williams verdas sørlegaste yachtklubb.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Puerto Williams» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012.