Hopp til innhald

Puya chilensis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puya chilensis
Puya chilensis
Puya chilensis
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Ananasfamilien Bromeliaceae
Underfamilie: Puyoideae
Slekt: Puya
Art: P. chilensis
Vitskapleg namn
Puya chilensis

Puya chilensis er ein planteart i ananasfamilien som er endemisk for det sentrale Chile.

Puya chilensis i landskap nær kysten

Dette er ein eviggrøn staude, han dannar store, tette rosettar av grågrøne, belteliknande fyldige blad kanta med krokete, sylskarpe piggar. Blomsterstengelen vekst til ei høgd på 2-3,6 meter.

Veksten er langsam og plantane kan ta 20 år eller meir å blomstre første gang. Om dei har tilgang på tilstrekkeleg vatn kan dei blomstre ein gang i året.

Utbreiingsområdet er kystnært og grovt rekna mellom 30º 15' S (omtrent byen Tongoy i Coquimbo-regionen) og 34º 30' S (omtrent byen Cáhuil i O'Higgins-regionen) og innanfor matorral økoregion i Chile.[1]

Planten er innført til botaniske hagar i mange land.

Habitat og økologi

[endre | endre wikiteksten]

Puya chilensis veks både som isolerte plantar, i små grupper eller i større samlingar, vanlegvis på tørre åssider, steinete klippar og ravinar, mest rikeleg på kysten over ca. 300 moh., både på nord- og vestvende skråningar av matorralregionen. Planten veks ikkje i Andesfjella, han har ei øvre høgdgrense på ca. 1000 moh. Han blir utvikla i eit miljø kor konkurransen er liten. Andre iaugefallande artar på nordvende skråningane i vekstområde inkluderer Trichocereus chilensis og Puya berteroniana som blomstrar på eit anna tidspunkt, seinare i sesongen.[2]

Planten er vert for larver av den store nattsvermaren Castnia eudesmia som parasitterer stauden.[1] Han får hjelp til pollinering av eit utval av sporvefuglartar slik som chilespottefugl (Mimus thenca), men også storlerketrupial (Leistes loyca), storrovtyrann (Agriornis lividus) og umbratrast (Turdus falcklandii). Sukkerinnhaldet i nektaren er for lågt til generelt å tiltrekkje kolibriar, men kjempekolibri (Patagona gigas) er registrert å vitje blomane.[3][4]

Blada med peikande piggar kan vere ei tilpassing for å hindre planteeterar i å nå midten av planten. Planten er trudd å utgjere ei fare for dyr som til dømes sauer som kan bli vikla inn i bladverket. Viss dyret døyr, kan planten få næringsstoff ettersom dyret blir brote ned i nærleiken. Av denne grunn har Puya chilensis fått kallenamnet «saueetande plante». Viss store dyr mister livet etter kontakt med planten, vil det gjere Puya chilensis til ein «protokjøttetande plante». Inntil fenomenet er dokumentert må forteljinga reknast som ein anekdote.[5]

  1. 1,0 1,1 «Ficha de Especie Clasificada: Puya chilensis» (PDF). Clasificación de Especies (på spansk). Ministerio del Medio Ambiente. 2010. Arkivert frå originalen (PDF) 21. oktober 2019. Henta 15. september 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Encyclopedia of Bromeliads - Puya chilensis». LLife.  Lisens CC-BY-CA
  3. Hornung-Leoni, CT; González-Gómez, PL; Troncoso, AJ (2013). «Morphology, nectar characteristics and avian pollinators in five Andean Puya species (Bromeliaceae)». Acta Oecologica (Elsevier) 51: 54––61. 
  4. Velásquez-Noriega, P., M. J. S. Mallea, F. Medrano, I. Heynen, og P. Pyle (2023). Giant Hummingbird (Patagona gigas), version 3.0. I Birds of the World (F. Medrano og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.giahum1.03
  5. «RHS 'sheep-eating' plant about to bloom in Surrey». BBC news. 19. juni 2013. Henta 15. september 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Puya chilensis