Rapakivi
Utsjånad
Rapakivi er granitt med store, ovale krystall av alkalifeltspat omgjeve av ein randsone av oligoklas. Han vart først skildra frå Finland, der betydelege område i den austlege delen av landet består av rapakivigranitt. Bergarta forvitrar lett på grunn av den porfyriske strukturen, derav namnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Rapakivi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/rapakivi.