Richard Tandy
Richard Tandy | |||
| |||
Fødd | 26. mars 1948 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham | ||
Død | 1. mai 2024 (76 år) | ||
Dødsstad | Albany i New York | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Symfonisk rock, progressiv rock, kunstrock, poprock | ||
Instrument | Moogsynthesizer, piano, elektrisk piano, clavinet, harmonium, cembalo, mellotron, klaverinstrument, gitar, bass, orgel | ||
Tilknytte artistar | Electric Light Orchestra, Jeff Lynne, Tandy Morgan Band | ||
Plateselskap | United Artists Jet Records Harvest Records Epic EMI SonyBMG | ||
Verka som | musikar, gitarist, pianist, låtskrivar |
Richard Tandy (26. mars 1948–1. mai 2024) var ein engelsk musikar som blei mest kjend som klaverspelar i Electric Light Orchestra («ELO»).[1] Klaverinstrumenta hans (inkludert Mini Moog, clavinet, mellotron og piano) var ein viktig ingrediens i lyden til gruppa, hovudsakleg på albuma A New World Record, Out of the Blue, Discovery og Time.
Tandy var frå Birmingham og gjekk på skule i lag med den framtidige bandkollegaen Bev Bevan.[2][3] Tandy byrja å spele med Bevan i 1968, då han spelte cembalo på The Move-hitten «Blackberry Way». Seinare, i 1972, var Tandy bassist i den første besetninga av ELO, og spelte stundom klaverinstrument, seinare på fulltid. I tillegg til ELO samarbeidde Tandy også med Lynne på andre prosjekt,[3] som songar for Electric Dreams, soloalbumet til Lynne Armchair Theatre og det Lynne-produserte Dave Edmunds-albumet Information.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rewired Electric Light Orchestra Hitting The Road». MTV. 13 July 2001. Henta 11. februar 2015.
- ↑ «Richard Tandy Interview - April 1999», Welcome to The ELO Network (på engelsk), henta 2. mai 2024
- ↑ 3,0 3,1 Cain, Sian (2. mai 2024). «Richard Tandy, ELO keyboardist who shaped band’s futuristic sound, dies aged 76». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- Denne artikkelen bygger på «Richard Tandy» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2015.