Hopp til innhald

Richmond i Virginia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Richmond
by
Land  USA
Stat Virginia
Areal 162 km²
Folketal 205 533  (2011)
Kart
Richmond i Virginia
37°32′27″N 77°26′12″W / 37.540833333333°N 77.436666666667°W / 37.540833333333; -77.436666666667
Wikimedia Commons: Richmond, Virginia

Richmond er delstatshovudstaden i Virginia i USA.

Staden var ein viktig landsby for innfødde powhatanfolk, og blei folkesett ei kort tid av engelske kolonistar frå Jamestown frå 1609 til 1611.[1][2] Richmond blei grunnlagd som by i 1737. I 1780 fekk han status som hovudstad for kolonien Virginia.

Under den amerikanske borgarkrigen gjekk Virginia ut av unionen og slutta seg til Sørstatskonføderasjonen. Richmond blei då hovudstad i konføderasjonen. Byen blei teken av Nordstatshæren i byrjinga av april 1865. Mykje av byen blei øydelagd, men han blei raskt bygd opp att etter at borgarkrigen var over.

Lewis Ginter Botanical Garden

Byen har eit av dei eldste kommunale parksystema i landet. Byrådet stemte for å kjøpa 7,5 acre (30 000 m2) land i 1851, som no er kjent som Monroe Park.[3] Monroe Park ligg ved sida av Virginia Commonwealth University-campusen, og er ein av over 40 parkar som til saman dekkjer over 1 500 acre (610 ha).

Fleire av parkane ligg langs James-elva, og James River Parks System har stiar for gåturar, sykling og naturopplevingar.[4] Det ligg også parkar på to større elveøyar i James-elva, Belle Isle og Brown's Island. Belle Isle, den største, omfatta tidlegare ein powhatan-landsby, ein veddeløpsbane i kolonitida og ein fangeleir under borgarkrigstida. Det er fleire restar att etter fangeleiren.

To andre større parkar langs elva er Byrd Park og Maymont, i nærleiken av Fan District. Byrd Park er prega av eit minnesmerke etter fyrste verdskrigen, ein carillon frå 1926. Naboparken Maymont har formelle hagar, utstillingar av innfødde plantar og eit natursenter.

Lewis Ginter Botanical Garden ligg i nabofylket Henrico County. Dette er ein botanisk hage for delstaten.[5]

Det finst fleire institusjonar for høgare utdanning i Richmond-området, mellom anna det offentlege Virginia Commonwealth University og dei private University of Richmond, Virginia Union University, South University–Richmond, Union Theological Seminary & Presbyterian School of Christian Education og Baptist Theological Seminary in Richmond.

  1. Yorktown, Mailing Address: P. O. Box 210; Us, VA 23690 Phone: 757 898-2410 Contact. «Growth and Settlement Beyond Jamestown - Historic Jamestowne Part of Colonial National Historical Park (U.S. National Park Service)». www.nps.gov (på engelsk). Henta 25. desember 2023. 
  2. Gottlieb, Matthew S. «Richmond during the Colonial Period». Encyclopedia Virginia (på engelsk). Henta 25. desember 2023. 
  3. Woodson, Charles (2018-07- 13). «An Unfortunate Addition to Richmond's Monroe Park». The Cultural Landscape Foundtaion. Henta 22. januar 2023. 
  4. «James River Park System Mountain Biking Trails». Trailforks. Arkivert frå originalen 22. september 2017. Henta 26. august 2019. 
  5. «Lewis Ginter Botanical Garden Factsheet» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2011. Henta 1. november 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Reiseguide for Richmond (Virginia) frå Wikivoyage