Ringerike kommune
Ringerike kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Hønefoss | ||
Areal | 1 555 km² | ||
• land | 1 437 km² | ||
• vatn | 118 km² | ||
Folketal | 31 581 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Kirsten Orebråten (Ap) | ||
Kommunenr. | 3305 | ||
Ringerike kommune 60°12′19″N 10°09′09″E / 60.205280555556°N 10.1525°E | |||
Kart som viser Ringerike kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Ringerike | |||
Nettstad: www.ringerike.kommune.no |
Ringerike er ein kommune i Buskerud fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstadar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.
Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møter kvarandre.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.
I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).
Folk frå Ringerrike
[endre | endre wikiteksten]- Engelbrecht Hesselberg (1728—1788), jurist og byfogd i St. Croix i Danmark-Noreg (Norderhov)[1]
- Amal Aden (f. 1983), forfattar, fødd i Nord-Somalia
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Ringerike rådhus frå 1962Foto: Tom Bjørnstad, 2008
-
TyrifjordenFoto: Tom Bjørnstad
-
Hjulhus nr. 5 ved kjerraten i Åsa
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ En opplyst bøddel. Morgenbladet. Vitja 20. juni 2020