Roatán
Roatán | |||
Land | Honduras | ||
---|---|---|---|
Del av | Bay Islands department | ||
Areal | 66,42 km² | ||
Folketal | 41 831 (2013) | ||
Roatán 16°23′00″N 86°25′04″W / 16.383417°N 86.417833°W | |||
Wikimedia Commons: Roatán |
Roatán er ei øy i Islas de la Bahía-departmentet i Honduras. Roatán er den største av øyene i øygruppa Islas de la Bahía, og er 60 km lang og mindre enn 8 km brei på det breiaste. Ho ligg mellom dei to øyene Útila og Guanaja. Namnet er også blitt skrive «Ruatan» og «Rattan».[1]
Øya består av to kommunar, Jose Santos Guardiola (oppkalla etter ein tidlegare president av Honduras) i aust og Roatán i vest, som også inkluderer øygruppa Cayos Cochinos. Den største busetnaden på Rotán er Coxen Hole, som er den viktigste busetnaden i kommunen Roatán. Andre landsbyar er French Harbour, West End og Oak Ridge (som er den viktigste busetnaden i kommunen Jose Santos Guardiola).
Roatán ligg ved det mesoamerikanske barriererevet, det største barriererevet i Det karibiske havet og det nest største i verda etter Great Barrier Reef i Australia.[2]
Turisme er den viktigaste inntektskjelda i Roatán. Fiske er også ei viktig inntektskjelde på øya.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Fiskar ved Roatán.
-
Dasyprocta ruatanica, ein endemisk aguti-art.
-
Mangrovar
-
Utsyn over Roatán.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ David Waddell i Great Britain and the Bay Islands, 1821–1861, (The Historical Journal, 1959, s. 59) nemner skrivemåtane Ruatan, Ruattan, Roatan, Rattan og Ratan. Namnet blei skrive Rattan i den anglo-honduranske traktaten 1859.
- ↑ «Types of Coral Reefs». Henta 18. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Roatán» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2020.