Rosso Fiorentino
Rosso Fiorentino | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 8. mars 1494 Firenze |
Død |
14. november 1540 (46 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, teiknar, fresco painter, designar |
Språk | italiensk |
Rosso Fiorentino på Commons |
Giovanni Batista di Jacopo di Gasparre (8. mars 1494–14. november 1540), best kjend som Rosso Fiorentino (den raude florentinaren), var ein italiensk målar frå Firenze, ein av dei leiande i stilretninga manierismen.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Han var raudhåra og fødd i Firenze, noko som gav han kallenamnet hans. Rosso gjekk i lære hos Andrea del Sarto, på same tid som Jacopo da Pontormo. Seint i året 1523 flytta Rosso til Roma. Der vart han kjend med arbeida til Michelangelo, Rafael og andre renessanse-kunstnarar, nok som førte til større endringar i målarstilen hans.
Våren 1527 flykta han frå Roma etter plyndringa av Roma. Slik stoda var, reiste han til Frankrike. Der sikra hans seg i 1530 ein posisjon ved hoffet til kong Frans I, ei stilling han hadde livet ut. Saman med Francesco Primaticcio var Rosso ein av dei leiande målarane som arbeidde på Fontainebleau-slottet. Resten av livet arbeidde han for ein stor del på slottet. Etter han døydde i 1540, av det som Giorgio Vasari hevda var eit sjølvmord, tok Francesco Primaticcio styringa med å vidareføre den kustnariske utsmykkinga av Fontainebleau.
Rossos ry, saman med andre målarar rekna for seine renessanse-florentinarar, fall i lang tid utanfor, samanlikna med samtidige som måla meir naturalistisk og yndefullt. I dei siste hundreåra har bileta til desse målarane likevel vorte mykje oppvurdert.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rosso Fiorentino» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2013.