Søfteland Rock n' LOL
Utsjånad
Søfteland Rock n' LOL er ein musikkfestival som held til på Søfteland i Os i Hordaland. Festivalen vart starta i 2007 av nokre unge arrangørar som ikkje fekk leiga lokale til konsert fordi dei ikkje var tjuefem.
Historie
[endre | endre wikiteksten]16. juni 2007 vart datoen for den første rock n' LOL festivalen, han vart halden i ein hage og hadde omkring 200 besøkande. Året etter flytta festivalen frå hage til gard og fekk mykje meir plass å boltra seg på, og billetsalet gjekk opp til 600. I 2009 gjekk fesetivalen av stabelen 17.-18. juli og hadde doble besøkstal, med 1600 besøkande. Kjende namn som Karin Park og Lars Vaular stod på plakaten. I 2010 vart festivalen halden 16.-17. juli.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2021) |