San Sebastián
San Sebastián | |||
Donostia | |||
by | |||
|
|||
Motto: Por fidelidad, nobleza y lealtad ganadas – «Vunne ved truskap, adelskap og lojalitet» | |||
Kallenamn: Sanse, San Seb, La Bella Easo | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Region | Baskarland | ||
Provins | Guipúzcoa | ||
Del av | Q107556261, Q107556262 | ||
Høgd | 6 m | ||
Areal | 60,89 km² | ||
Folketal | 188 743 (2023) | ||
Grunnlagd | 1180 | ||
Postnummer | 20001–20018 | ||
Retningsnummer | +34 943 | ||
San Sebastián 43°19′N 1°59′W / 43.32°N 1.98°W | |||
Wikimedia Commons: Donostia-San Sebastián |
Donostia-San Sebastián[a] er provinshovudstaden i provinsen Gipuzkoa i Baskarland i Spania. Innbyggjarane kallar seg sjølve donostiarras. Byen har kring 190 000 innbyggjarar. og eit storbyområde som omfattar i overkant av 400 000 innbyggjarar.
Byen ligg nord i Baskarland på sørsida av Biscayabukta ved munningen av elva Urumea.
Byen er som dei fleste kystbyar prega av fiske og pittoreske hamnekvarter, men der fiskebodane låg før finst i dag eksklusive fisk- og skalldyrsrestaurantar.
Dei sentrale delane av byen og strandpromenadane går i viktoriansk arkitektur - byen var rundt førre hundreårsskifte ein stor turistby for den spanske kongefamilien og adelskapet.
Kvart år vert det halde ein stor festival i byen, semana grande, med tyrefekting, festivaltog og aktivitetar som konserter, tivoli og rokonkurransar (ein spesiell rosport som er nasjonalsporten i Baskarland der rostjernene er omtrent like kjende i Baskerland som store fotballstjerner i andre land). Byen er òg kjent for den internasjonale filmfestival kvar haust.
Ei årsak til at San Sebastian er eit av dei store turistmåla i Baskarland er dei to store sandstrendene som strekkjer seg ut på kvar side av sentrum. La Concha («skjelet») er den største av strendene. Den andre stranda, som ligg utanfor bydelen Gross, er den meir ungdommelege stranda. Ho er kjent for dei store bølgjene og gode surfehøve. Ungdomskulturen i byen er sterkt prega av surfing.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «San Sebastián» frå Wikipedia på bokmål, og «San Sebastián» frå Wikipedia på engelsk den 30. oktober 2009.