Shirase Coast
Shirase Coast | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Shirase Coast 78°30′S 156°00′W / 78.5°S 156°W |
Shirase Coast (78°30′S 156°0′W / 78.500°S 156.000°W) er den nordlege delen av den heller dårleg definerte kystlinja langs austsida av Ross isbrem og Rosshavet, og ligg mellom nordenden av Siple Coast (kring 83°30′S 155°00′W / 83.500°S 155.000°W) og Cape Colbeck. Han vart namngjeven av NZ-APC i 1961 etter løytnant Nobu Shirase (1861-1946), leiaren for den japanske ekspedisjonen som segla skipet «Kainan Maru» nær denne kysten i januar 1912. Dei gjekk i land ved Kainan Bay og ved Bay of Whales, som var starten på ei 250 km lang reise søraust på Ross-isen. Frå 76°56′S 155°55′W / 76.933°S 155.917°W (utanfor Edward VII Peninsula), gjekk eit anna lag i land for ein sledetur til foten av Queen Alexandra Range.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Shirase Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).