Hopp til innhald

Siaosi Sovaleni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siaosi Sovaleni

Fødd28. februar 1970 (54 år)
Tongatapu
Statsborgar avTonga
Partipartilaus
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Oxford
University of the South Pacific
Timaru Boys' High School
Alle verv
  • Minister for Education and Training (2019–)
  • Minister for the Environment and Climate Change (2014–2017)
  • Deputy Prime Minister of Tonga (2014–2017)
  • Member of the Legislative Assembly of Tonga (2014–)
  • Tongas statsminister (2021–)
  • Minister of Police (2021–)
  • Minister of Defence and His Majesty's Armed Forces (2021–) Sjå dette på Wikidata

Siaosi ‘Ofakivahafolau Sovaleni (fødd 28. februar 1970) er ein tongansk politikar som har vore statsminister på Tonga sidan 27. desember 2021.[1] Han har tidlegare vore statsråd og han var visestatsminister i regjeringa til ʻAkilisi Pōhiva frå 2014 til 2017.[2]

Sovaleni er fødd i hovudstaden Nukuʻalofa og er son av den tidlegare visestatsministeren i landet, Langi Kavaliku.[3] Han har bachelorgrad i informatikk frå University of Auckland på New Zealand, og han er siviløkonom (Master of business administration) frå University of the South Pacific i SuvaFiji.[4] Frå 1996 til 2010 arbeidde han i det tonganske finansdepartementet, og etter det i Pacific Community og Den asiatiske utviklingsbanken før han i 2013 kom tilbake til Tonga og blei leiar for næringsdepartementet.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Sovaleni blei vald inn i nasjonalforsamlinga på Tonga for fyrste gong i 2014 som partipolitisk uavhengig kandidat, og han blei visestatsminister og utviklings- og kommunikasjonsminister i regjeringa til ʻAkilisi Pōhiva.[5] Som kommunikasjonsminister fekk han vedteke to lovforslag om internettsensur i 2015.[6] I september 2017 blei han avsett etter å ha støtta kong Tupou VI si avgjerd om å avsetje statsministeren, løyse opp parlamentet og skrive ut nyval.[7][8][9] Han stilte til val på ny i 2017, framleis som uavhengig kandidat, og blei vald inn til parlamentet, men partiet Democratic Party of the Friendly Islands, leia av statsminister Pōhiva, gjekk fram og fekk fleirtal åleine.[10] Ved valet av statsminister fekk Pōhiva sitt parti 14 røyster, mens Sovaleni fekk dei resterande 12 røystene.[11]

Då statsminister ʻAkilisi Pōhiva døydde (av lungebetennelse) i september 2019, støtta Sovaleni kandidaturet til Pōhiva Tuʻiʻonetoa, som, etter at Pōhiva døydde, hadde gått ut av Democratic Party of the Friendly Islands og danna partiet Tonga People's Party saman med to andre parlamentsmedlemmar. Dette partiet slutta seg til opposisjonen og danna regjering der Sovaleni blei utdanningsminister.[12]

I januar 2021 blei Sovaleni tildelt ærestittelen hu’akavameiliku, som faren hans også hadde hatt.[13]

Ved parlamentsvalet i 2021 blei Sovaleni attvald og var den representanten som fekk flest røyster.[14]

Statsminister

[endre | endre wikiteksten]

Etter valet var Sovaleni ein av to statsministerkandidatar. Den andre var den uavhengige representanten ʻAisake Eke etter at Pōhiva Tuʻiʻonetoa trekte sitt kandidatur og støtta Sovaleni.[15] Ved avrøystinga 15. desember fekk Sovaleni 16 røyster (av totalt 26) og blei vald til statsminister.[16] Motkandidaten Eke har kunngjord at han vil be om rettsleg prøving av valresultatet.[17] Han blei formelt innsett som statsminister 27. desember 2021. Regjeringa hans blei godkjend 29. desember. Sovaleni fortsette som leiar for utdanningsdepartementet og tok også sjølv over ansvaret for politiet og forsvaret.[1][18][19][20]

  1. 1,0 1,1 «King Tupou VI appoints new Prime Minister». Matangi Tonga. 28. desember 2021. 
  2. «Siaosi 'Ofakivahafolau Sovaleni». parliament.gov.to. 
  3. «Sovaleni is top bet for PM». Nukualofa Times. 25. november 2021. 
  4. «PROFILE: Hon. Siaosi Sovaleni». MIC. 
  5. «Tonga leader names one noble in Cabinet». RNZ. 31. desember 2014. 
  6. «TONGA: Parliament hastily passes 2 bills to control internet access». Pacific Media watch. 9. oktober 2015. 
  7. «Lord Ma'afu Named Tonga Acting Prime Minister». Pacific Islands Report. 6. september 2017. 
  8. «Tonga's Sovaleni flummoxed about sacking». RNZ. 13. september 2017. 
  9. «Tonga's caretaker PM Pōhiva sacks deputy and Finance Minister». Asia-Pacific Report. 2. september 2017. 
  10. «TONGA: Democratic landslide delivers numbers for Pōhiva government». Pacific Media Watch. 16. november 2017. 
  11. «Pohiva retains Tonga prime ministership». RNZ. 18. desember 2017. 
  12. «Prime Minister Announces New Cabinet Ministers». Government of Tonga. 10. oktober 2019. 
  13. «Hon Sovaleni is Hu'akavameiliku of Ha'asini». Nukualofa Times. 28. januar 2021. 
  14. «Tonga elects all-male parliament with nine new People's Reps». Matangi Tonga. 18. november 2021. 
  15. «First photo emerges as Sovaleni gets support of 11 MPs; Tu'i'onetoa allegedly withdraws from premiership race». Kaniva Tonga. 7. desember 2021. 
  16. «Tonga elects new PM: Siaosi Sovaleni». Radio New Zealand. 15. desember 2021. 
  17. «Emotional, Siaosi Sovaleni elected PM Designate». Matangi Tonga. 15. desember 2021. 
  18. «Hu'akavameiliku officially appointed PM of Tonga». Kaniva Tonga. 28. desember 2021. 
  19. «PM names new government». Matangi Tonga. 29. desember 2021. 
  20. «Tonga's PM names new government». RNZ. 29. desember 2021.