Siniolchu
Utsjånad
Siniolchu er eit 6 888 meter over havet høgt fjell i Himalaya, i delstaten Sikkim i India. Fjelltoppen er den austlegaste hjørnesteinen i Kantjendjunga-massivet og vert halde for å vere ein av dei vakraste fjelltoppane på jordkloten. Den britiske forfattaren og fjellklatraren Douglas Freshfield omtala Siniolchu som «den ypparste triumf i fjellarkitekturen og det vakraste snøfjellet i verda».
Då ein tysk ekspedisjon utforska Sikkim i året 1936, kleiv Karl Wien og Adolf Göttner til topps på Siniolchu som dei fyrste menneska.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Siniolchu» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2014.