Smøla kommune
Smøla kommune | |||
kommune | |||
Tyrhaug fyrstasjon i Smøla
| |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Hopen | ||
Areal | 271,91 km² | ||
• land | 261,15 km² | ||
• vatn | 10,76 km² | ||
Folketal | 2 159 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Svein Roksvåg (Sp) | ||
Kommunenr. | 1573 | ||
Smøla kommune 63°24′07″N 8°01′45″E / 63.401944444444°N 8.0291666666667°E | |||
Kart som viser Smøla kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Smøla | |||
Nettstad: www.smola.kommune.no |
Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og øya Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».
Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.[2] Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².[3]
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang.[3] Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005.[2] Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kulisteinen på Kuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».[2]
Gamle Edøy kyrkje på Edøya vart bygd på 1100-talet.[2]
Ny Jord starta eit omfattande bureisingsfelt på Frostadheia på 1930-talet[4]
Befolkning
[endre | endre wikiteksten]1. januar 2024 budde det 2159 personar i Smøla kommune. Av dei budde om lag 1650, om lag 75 %, på hovudøya Smøla. I 1900 budde berre 54 % av folket i den noverande kommunen på hovudøya. Då var det busetjing på over 50 småøyar i skjergarden rundt øya. Dei fleste av desse øyane er no fråflytta.
- Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1801
Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1801[5] | 1 175 | — |
1.1.1874[6] | 2 366 | +101,4 % |
1900[7] | 3 642 | +53,9 % |
1.12.1920[8] | 3 944 | +8,3 % |
1.12.1930[9] | 4 258 | +8,0 % |
3.12.1946[9] | 4 180 | −1,8 % |
1.1.1951[10][11][12] | 3 996 | −4,4 % |
1.1.1961[10] | 3 389 | −15,2 % |
1.1.1971[10] | 3 081 | −9,1 % |
1.1.1981[10] | 2 697 | −12,5 % |
1.1.1991[10] | 2 407 | −10,8 % |
1.1.2001[10] | 2 407 | +0,0 % |
1.1.2010[10] | 2 143 | −11,0 % |
1.10.2021[13] | 2 118 | −1,2 % |
Befolkningsutvikling | ||
---|---|---|
År | Bef. | ±% |
1801[5] | 582 | — |
1900[14] | 1 947 | +234,5 % |
2000[15] | 1 998 | +2,6 % |
2024[15] | 1 781 | −10,9 % |
Kjende smølaværingar
[endre | endre wikiteksten]- Ingar Knudtsen, forfattar.
- Nikolai Gjøstøl, kunstnar.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Smølas kommunevåpen - "I rødt to flygende måker i sølv"», smola.kommune.no
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Smøla - et overblikk», smola.kommune.no
- ↑ 3,0 3,1 «Smøla – øy i et hav av muligheter.», smola.kommune.no
- ↑ 4,0 4,1 Bygninger og Byggeskikk på Smøla
- ↑ 5,0 5,1 Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 9,0 9,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 Folkemengd i Edøy/Smøla 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Folkemengd i Brattvær 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Folkemengd i Hopen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ [1] Kommunefakta Smøla SSB
- ↑ Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 15,0 15,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå