Starokadomskijøya
Starokadomskijøya | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Severnaja Semlja | ||
Areal | 110 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Starokadomskijøya 78°17′44″N 106°38′14″E / 78.295555555556°N 106.63722222222°E |
Starokadomskijøya (russisk Остров Старокадомского ; Ostrov Starokadomskogo) er ei timeglas-forma øy i Laptevhavet i Russland.
Ho ligg søraust for Severnaja Zemlja og nordaust for Tajmyrhalvøya. Malyj Tajmyr ligg søraust for Starokadomskijøya og mellom dei ligg eit 6 km breitt sund.
Starokadomskijøya er 18 km lang og opp mot 7 km brei. Ho er omgjeve av smale sandbankar og myrområde. Like nord for Starokadomskijøya ligg ei lita øy kalla Majskije Ostrova. Ostrov Vesennij er ei anna øy i aust.
Vilkitskijsundet går sør for Starokadomskijøya og Malyj Tajmyr. Farvatnet rundt dei to øyane er dekt av pakkis gjennom den lange, bitre vinteren og det er mykje isfjell sjølv på sommaren, som varer frå juni til september.
Starokadomskijøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Starokadomskijøya vart oppdaga av Boris Vilkitskij i 1913 og kalla opp etter dr. Leonid Starokadomskij, ein av leiarane av den arktiske hydrografiske ekspeidsjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Starokadomsky Island» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naturresevat Arkivert 2010-08-11 ved Wayback Machine.
- L. Starokadomskij: [1] Arkivert 2011-05-18 ved Wayback Machine., [2] og [3]
- Ekspedisjonar
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: