Steve Vai
Steve Vai | |||
Steve Vai i 2023 | |||
Fødd | 6. juni 1960 (64 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Carle Place på Long Island i New York i USA | ||
Fødenamn | Steven Siro Vai | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1978 til i dag | ||
Sjanger | Instrumental rock, hardrock, heavy metal, progressiv rock, progressiv metal, eksperimentell rock, speedmetal | ||
Instrument | gitar, klaverinstrument, vokal | ||
Kjende instrument | Ibanez JEM Ibanez Universe | ||
Tilknytte artistar | Joe Satriani, Frank Zappa, Alcatrazz, David Lee Roth, Whitesnake, Meat Loaf, Zappa plays Zappa, Devin Townsend, Billy Sheehan, G3, Iwrestledabearonce | ||
Plateselskap | Favored Nations, Relativity, Urantia Records, Akashic Records, Epic | ||
Verka som | gitarist, komponist, musikkprodusent, låtskrivar | ||
Gift med | Pia Maiocco | ||
Prisar | Grammy Award |
Steven Siro Vai (fødd 6. juni 1960) er ein amerikansk gitarist, låtskrivar og produsent som har selt over 15 million album. Han og kollegaen Joe Satriani er velkjende som gitarvirtuosar som ikkje berre er dugande gitaristar, men som òg nyttar forskjellige typar teknologi for å bringe gitartonane ut til publikum. Etter å ha starta karrieren sin som musikktranskriptør for Frank Zappa, spelte Vai i bandet til Zappa i to år, frå 1980 til 1982. Han byrja solokarrieren sin i 1983, og har gjeve ut åtte soloalbum og vunne tre Grammyprisar. Han har òg spelt med Public Image Ltd., Alcatrazz, David Lee Roth og Whitesnake. Som gjesteartist har han bidrege på album med blant anna Motörhead og Ozzy Osbourne. Vai har spelt med G3 som byrja å spele i lag i 1995. I 1999 starta Vai sitt eige plateselskap, Favored Nations, for å syne fram det han skildra som «... artistar som har oppnådd den høgaste dugleiken dei kan på instrumentet sitt».[1]
Bandhistorie
[endre | endre wikiteksten]Inkluderer ikkje framføringar som gjesteartist.
Tidlege band
- The Ohio Express (1971–1972)
- Circus (ca. 1973 til 1976)
- Ravge (ca. 1973 til 1976)
- Bold As Love (1977)
Berklee-band
- Axis (1978–1979)
- Morning Thunder (1979)
Profesjonelle band
- Frank Zappa (1980–1982)
- The Out Band (ca. 1983)
- The Classified (1984)
- 777 (1984)
- Alcatrazz (1984-1986)
- David Lee Roth (1985–1989)
- Whitesnake (1989–1991)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Studioalbum
- Flex-Able (1984)
- Passion and Warfare (1990)
- Sex & Religion (1993)
- Fire Garden (1996)
- Flex-Able Leftovers (1998)
- The Ultra Zone (1999)
- Real Illusions: Reflections (2005)
- The Story of Light (2012)
- Modern Primitive (2016)
- Inviolate (2022)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steve Vai» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Message from Favored Nations President, Steve Vai». Favorednations.com. Arkivert frå originalen 14. januar 2010. Henta 22. august 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Prato, Greg. Steve Vai biography på Allmusic