Summer Institute of Linguistics
Summer Institute of Linguistics, eller SIL International (ofte referert til berre som SIL) er ein misjonsorganisasjon med hovudkvarter i Dallas i (USA), som har spesialisert seg på lingvistiske undersøkingar av ukjende språk.
I tillegg til misjonsverksemd og lingvistisk arbeid lagar SIL også dataprogram og typesnitt til hjelp for det lingvistiske arbeidet.
Organisasjonen er mest kjend for å publisere Ethnologue-katalogen, eit årleg oversyn og ei klassifisering av alle språka i verda. Databasen ligg føre i bokform, er søkbar via internett, og opererer med ein tre-bokstavkode for alle språka i verda, den såkalla SIL-koden, med raferanse til meir enn 6 500 språk.
I arbeidet med ISO 639-3 blir no Ethnologue-lista samanført med ISO 639-2 og andre kodingssystem til ein ny trebokstavsstandard som skal omfatte alle kjende levande, daude og kunstige språk. Prinsippet attom unifiseringa er å la språk som står i ISO 639-2 halde på den koden, men la språk som ikkje stå der få SIL-koden som ny ISO-kode. SIL er er oppnemnd som registreringsmyndigheit ('Registration Authority', ISO 639-3/RA) for det prosjektet.
Kritikk mot SIL
[endre | endre wikiteksten]SIL har vorte kritiskert for to tilhøve: I klassifiseringa av språk og dialektar er det alltid vanskeleg å dra skiljet mellom språk og dialekt. SIL er kjend for å splitte heller enn å slå saman, slik at dei i mange tilfelle opererer med fleire språk enn andre kjelder. T.d. opererer SIL med fem italienske og tre svenske språk (dalmål, skånsk og svensk).
SIL er også kritisert for å vere ein misjonsorganisasjon, dermed indirekte for kulturimperialisme, der målet med verksemda er å erstatte verdsbiletet og kulturen til urfolk rundt om i verda med det kristne verdsbiletet. På den andre sida er SIL også den organisasjonen i verda som har gjort mest for å bevare og styrke språkleg mangfald.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]Den første delen av teksten vart omset frå nederlandsk Wikipedia.