Sven Nylander
Sven Nylander | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 1. januar 1962 (62 år) Varberg |
Idrett | friidrett, hekkeløp |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1984 |
Sven Olof Nylander (fødd 1. januar 1962) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Varberg som spesialiserte seg på 400 meter hekk. Han vann to sølvmedaljar og ein bronse i øvinga ved dei tre europameisterskapane i perioden 1986-94. Nylander sin livsrekord på langhekken er 47,98 sekundar, oppnådd i OL-finalen 1996 i Atlanta.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Nylander vart svensk meister på 110 meter hekk allereie 17 år gammal, ein prestasjon han gjentok fire år seinare. Internasjonalt satsa han derimot på langhekken, der han i 1982 vart sjuandemann i EM i Aten. Den 4. juni 1983 sette Nylander nordisk rekord då han i Houston vart nordamerikansk studentmeister (NCAA) i 400 m hekk med tida 48,88 sekundar. Vel to månader seinare kom han på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Helsinki, fattige 0,03 sekund bakom bronsevinnaren. Også året etter kom han på fjerdeplass på langhekken då Sommar-OL 1984 fann stad i Los Angeles.
I 1986 tok Nylander bronsemedaljen i 400 m hekk ved EM i Stuttgart. Eitt år etter forbetra han sin nordiske rekord til 48,37 sekundar då han i VM atter vart nummer fire i eit stort meisterskap. I EM-finalen i Split i 1990 kneip Nylander sølvmedaljen med tida 48,43, og fekk fylgje på sigerspallen av landsmannen Niklas Wallenlind som fekk notert 48,52. Fire år seinare flytta Nylander den nordiske rekorden i øvinga til 48,22 sekundar då han i Helsinki tok eitt nytt EM-sølv, hundredelen føre Stéphane Diagana frå Frankrike.
I august 1995 skipa Göteborg by til friidretts-VM. Forventningane om medalje til Nylander steig etter han med 48,53 fekk fjerde beste tid i semifinalane. Han lukkast ikkje å heve prestasjonen i finalen, men vart som femtemann likevel hylla av heimepublikum. Nylander gjorde sitt livs beste langhekkløp i OL-finalen i Atlanta. Sluttida 47,98 sekundar var ny nordisk rekord, men for fjerde gong måtte Nylander ta til takke med ein fjerdeplass, to små hundredels sekund frå bronsemedaljen.
Endå om Nylander høyrde til i verdseliten i 400 meter hekk i så godt som 15 sesongar, vann han berre fire svenske meistertitlar i øvinga; 1982, 1987, 1990 og 1992. Han la opp i 1997.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Nr 7 – 49,64
- VM 1983 i Helsinki: Nr 4 – 49,06, bakom Aleksandr Kharlov (49,03)
- OL 1984 i Los Angeles: Nr 4 – 48,97, bakom Harald Schmid (48,19)
- EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje – 49,38
- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 48,37, bakom Harald Schmid (47,48)
- EM 1990 i Split: Sølvmedalje – 48,43, bakom Kriss Akabusi (47,92)
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane (49,59 =nr 10)
- OL 1992 i Barcelona: Utslått i semifinalane (49,64 =nr 13)
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane (49,21 =nr 9)
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje – 48,22, bakom Oleh Tverdokhleb (48,06)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 5 – 48,84
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 47,98, bakom Calvin Davis (47,96)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sven Nylander» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Sven Nylander» frå Wikipedia på svensk, den 11. juni 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Sven Nylander» (på engelsk). olympedia.org. Henta 14. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1962
- Svenske hekkeløparar
- Svenske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Svenske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Svenske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Svenske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996