Taipei
Utsjånad
Taipei | |||
by | |||
|
|||
Land | Republikken Kina | ||
---|---|---|---|
Del av | Northern Taiwan, Taipei–Keelung metropolitan area | ||
Areal | 271,7997 km² | ||
Folketal | 2 603 150 (2020)[1] | ||
Grunnlagd | 1709 | ||
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) | ||
Postnummer | 100–116 | ||
Retningsnummer | (0)2 | ||
Taipei 25°02′15″N 121°33′45″E / 25.0375°N 121.5625°E | |||
Wikimedia Commons: Taipei |
Taipei (Taipeh; tradisjonell kinesisk 臺北市, pinyin Táibĕi Shì, taiwanesisk Tâi-pak) er den provisoriske hovudstaden i Republikken Kina og den største byen på Taiwan. I 2020 hadde byen eit folketal på 2 603 150. Byen har ein stor elektronikk-, tekstil-, metall-, skipsverfts- og motorsykkelindustri.
Taipei by er ein eigen kommune administrert direkte av sentralregjeringa i Republikken Kina. Den er ikkje ein del av, men er omgjeven av, Taipei-provinsen.
Den offisielle hovudstaden til Republikken Kina er Nanjing, men regjeringa har halde til i Taipei sidan republikken mista kontrollen over Fastlands-Kina i 1949.
Det eldste museet i landet er nasjonalmuseet, Guólì Táiwān Bówùguǎn.