Tannlege
Tannlege eller tannlækjar er ein utøvar av tannpleie med høve til å behandla lidingar i tenner, tannkjøtet og resten av munnen. Ein tannlege er utdanna innan odontologi og må i Noreg ha autorisasjon frå Sosial- og helsedepartementet.
Tannlegar kan mellom anna arbeida i offentleg tannhelseteneste eller driva privat praksis.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]Utdanninga til tannlege i Noreg er 5-årig og blir gjeve ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø. Studiet fører fram til mastergrad i odontologi. Etter utdanning i Noreg eller utlandet har ein rett til autorisasjon om ein har utført fastsett praktisk teneste og har avgitt skriftleg lovnad om å utøva tannlegegjerningen samvitsfullt. Ein som ikkje fyllar vilkåra for autorisasjon, kan få lisens som tannlege som kan avgrensast i tid, til stilling eller liknande. Det er Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjev tannlegelisensar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Utdanning.no si yrkesskildring av tannlege
- Oversyn over offentlige tannklinikkar i Noreg ved tannlege.nu
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «tannlege» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Tannlege» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2010.