Ted Joans
Utsjånad
Ted Joans | |||
Fødd | 4. juli 1928 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cairo | ||
Død | 25. april 2003 (74 år) | ||
Dødsstad | Vancouver | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | trompet | ||
Verka som | lyrikar, kunstmålar, jazzmusikar, skribent | ||
Prisar | American Book Awards |
Ted Joans (4. juli 1928–25. april 2003) var ein amerikansk trompetar, jazzpoet og kunstmålar.
Han vart fødd som Theodore Jones på ein elvebåt i Cairo i Illinois. Joans gjennomførte kunstutdanninga si på Indiana University. Han kom seinare i hop med forfattarar i den såkalla beatgenerasjonen i Greenwich Village og San Francisco. Han var ven med beat-ikona Jack Kerouac og Allen Ginsberg. Måleriet Bird Lives heng på De Young Museum i San Francisco.
Joans var òg opphavet til legenda «Bird Lives» (norsk: «Bird lever») som grafitti i New York by etter Charlie Parker sin død i mars 1955.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Funky Jazz Poems
- Beat Poems
- All of T.J. and No More
- The Truth
- The Hipsters
- A Black Pow-Wow Of Jazz Poems (1969)
- Afrodisia (1970)
- Razzle Dazzle (1980-talet)