The Binding of Isaac
'The Binding of Isaac' | |||
| |||
Utviklar(ar) | Edmund McMillen Florian Himsl | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Edmund McMillen, Florian Himsl | ||
Distributør | Steam, Humble Store | ||
Skapar | Edmund McMillen, Florian Himsl | ||
Design(ar) | Edmund McMillen | ||
Komponist(ar) | Danny Baranowsky | ||
Basert på | Binding of Isaac | ||
Serie | The Binding of Isaac | ||
Spelmotor | Adobe Flash | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, Mac OS X, Linux | ||
Utgjeving | 28. september 2011 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 16 | ||
Nettstad | http://bindingofisaac.com/ | ||
Del av serien The Binding of Isaac⠀ |
The Binding of Isaac er eit dataspel utvikla av Edmund McMillen og Florian Himsl. Det vart lansert på Steam 28. september 2011.[1] I spelet styrer spelaren eit gråtande, nakent barn som heiter Isaac eller ein av seks andre karakterar som kan låsast opp i spelet.
Tittelen og handlinga i spelet er basert på den bibelske forteljinga om Abraham som skulle ofre sonen Isak. Handlinga går ut på at mora til Isaac høyrer ei stemme ovanfrå, truleg Gud, som krev at ho tek livet til sonen som prov på at ho er gudfryktig. Isaac flyktar ned til kjellaren for å sleppe unna mora og må navigere seg gjennom romma i kjellaren, som er fylt med monster. Spelaren navigerer Isaac gjennom romma og skyt tårer på monster for å komme vidare. Når Isaac mister all helse, tapar ein spelet og må starte frå byrjinga att. Eit særmerkt trekk ved The Binding of Isaac er at romma i kjellaren blir tilfeldig genererte og er annleis bygd opp kvar gong spelaren startar på nytt.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Binding of Isaac Release Information for PC». GameFAQs. Henta 26. mai 2014.
- ↑ «The Binding of Isaac Review». Eurogamer. 7. oktober 2011. Henta 26. mai 2014.