The Jam
The Jam | |||
| |||
Opphav | Storbritannia Woking i Surrey i Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1972–1982 | ||
Sjanger | |||
Plateselskap | Polydor | ||
Tidlegare medlemmer | Paul Weller Steve Brookes Rick Bucker Dave Waller Bruce Foxton |
The Jam var eit engelsk rockeband som var aktivt frå slutten av 1970-talet til byrjinga på 1980-talet. Bandet slo gjennom i lag med framvoksteren av pønkbølgja, og hadde med den raske musikken og framtoninga si som «sinte unge menn» ein del likskapstrekk med pønkband. Medlemmane i bandet var likevel opphavleg fint kledd i dressar, og musikken til bandet inneheldt ei rekkje element frå blant anna The Beatles, Motown, britisk populærmusikk frå 1960-talet, særleg The Who, og The Kinks. The Jam plasserte seg dermed som eksponent for gjenopplivinga av mod-kulturen.
The Jam hadde 18 Top 40-singlar på rad på dei britiske hitlistene frå debuten sin i 1977 til 1982, av dette 4 hittar på toppen av lista. Då gruppa blei oppløyst i 1982 blei dei første 15 singlane deira gjenutgjevne og kom alle med på topp 100-lista.[1]
Bandet bestod av Paul Weller (gitar og vokalist), Bruce Foxton (bassgitar) og Rick Buckler (trommer). Opphavleg var det endå ein gitarist med, Steve Brooks, men han forlét bandet før utgjevinga av debutsingelen til gruppa, «In the City» i april 1977. Weller oppløyste bandet i 1982, og danna deretter The Style Council.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- In the City (1977) #20 UK
- This Is the Modern World (1977) #22 UK
- All Mod Cons (1978) #6 UK
- Setting Sons (1979) #4 UK, #137 US
- Sound Affects (1980) #2 UK, #72 US
- The Gift (1982) #1 UK, #82 US
- Dig the New Breed (1982) #2 UK, #131 US
- Live Jam (1993) #25 UK
- The Jam at the BBC (2002) #33 UK
Samlealbum
[endre | endre wikiteksten]- Snap! (1983) #2 UK
- Compact Snap! (1985)
- All The Choice Cuts (1990)
- Greatest Hits (1991) #2 UK
- Extras (1992) #15 UK
- Wasteland (1992)
- Beat Surrender (1993)
- The Jam Collection (1996)
- The Master Series (1997)
- The Very Best of The Jam (1997) #9 UK
- The Sound of the Jam (2002) #3 UK
- The Best Of The Jam – The Millennium Collection (20th Century Masters) (2003)
- Gold (2005)
- The Jam Story (2006)
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «In the City» (1977)
- «All Around the World» (1977)
- «The Modern World» (1977)
- «News of the World» (1978)
- «David Watts»/«A Bomb in Wardour Street» (dobbelt A-side) (1978)
- «Down in the Tube Station at Midnight» (1978)
- «Strange Town» (1979)
- «When You're Young» (1979)
- «The Eton Rifles» (1979)
- «Going Underground» / «Dreams of Children» (dobbelt A-side) (1980)
- «Start!» (1980)
- «That's Entertainment» (1981)
- «Funeral Pyre» (1981)
- «Absolute Beginners» (1981)
- «Town Called Malice» / «Precious» (dobbelt A-side) (1982)
- «Just Who Is the 5 O'Clock Hero?» (1982)
- «The Bitterest Pill (I Ever Had to Swallow)» (1982)
- «Beat Surrender» (1982)
Video & DVD
[endre | endre wikiteksten]- Tran si Global Unity Express (1983)
- The Very Best Of The Jam (1997)
- The Complete Jam On Film 1977-1982 (2002)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «J.A.M. - full Official Chart History». Officialcharts.com. Henta 12. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «The Jam» frå Wikipedia på bokmål, og «The Jam» frå Wikipedia på engelsk den 1. juni 2019.