The Trooper
The Trooper Singel av Iron Maiden frå albumet Piece of Mind | ||
B-side |
1983 | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. juni 1983 15. august 2005 | |
Innspelt | 1983 24 November 2003 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:11 | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Flight of Icarus» (1983) |
The Trooper | «2 Minutes to Midnight» (1984) |
-kronologi | ||
«The Number of the Beast» (2005) |
The Trooper | «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (2006)
|
«The Trooper» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut 20. juni 1983 som den andre singelen frå albumet Piece of Mind (1983). Det var ein av få songar av bandet som vart mykje spelt på radio i USA, og nådde 28. plassen på US Mainstream Rock-lista.[1] Han vart òg ein suksess i Storbritannia der han nådde 12. plassen på UK Singles Charts, der han vart teken betre i mot enn den førre singelen, «Flight of Icarus».[2]
Eit konsertopptak av songen frå Death on the Road, vart gjeve ut på singel i 2005.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Songen var skriven av bassisten Steve Harris og er basert på Charge of the Light Brigade i slaget ved Balaclava 1854, som fann stad under Krimkrigen,[2] og inspirerte til Lord Tennyson-diktet med same namn.[3] Songen har blitt mykje lovprisa sidan han kom ut, og AllMusic har skildra han som «ein sjangerklassikar som med eit av dei mest minnerike gitarriffa til gitaristane Dave Murray og Adrian Smith, i tillegg til den kjende, galopperande rytmen,»[4] medan Mick Wall skreiv at songen «er den songen flest Maiden-fans frå dei dagane hugsar når du nemner albumet Piece of Mind».[5] Trass i populariteten til songen, var det B-sida ein versjon av Jethro Tull-songen «Cross-Eyed Mary», som vart mest spelt på amerikansk radio.[6]
Musikkvideoen til singelen syner klipp frå eit kavalerislag frå filmen The Charge of the Light Brigade frå 1936, med Errol Flynn og Olivia de Havilland,[7] som BBC nekta å spele uredigert, sidan dei rekna klippa som for valdelege.[2] Mangeren til bandet, Rod Smallwood, har sidan kritisert avgjersla og sa «Var det nokon som trudde me ville drepe hestane sjølv i staden for å bruke ein gammal Errol Flynn-film».[2]
Songen vart ofte spelt på konsertane deira, og vokalisten Bruce Dickinson har aldri vifta med det britiske flagget under framførigna, og ofte hatt på seg ein raud uniform, som soldatane hadde på seg under slaget som songen er basert på.[8] Under ein konsert i Dublin i 2003 bua det irske publikum då Dickinson vifta med flagget.[9]
Den 15. august 2005 vart eit konsertopptak av songen gjeve ut frå det komande konsertalbumet Death on the Road.[10]
Den 24. april 2016, under dei første konsertane deira i Beijing i Kina brukte ikkje Bruce Dickinson flagget under framføringa av songen, men gjorde det to dagar seinare i Shanghai i Kina.
I populærkulturen
[endre | endre wikiteksten]Songen finst på fleire hyllestalbum til Iron Mainde, som A Call To Irons: A Tribute To Iron Maiden,[11] Numbers from the Beast,[12] A Tribute to the Beast[13] og Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden,[14] i tillegg til på plater av hyllestband som Maiden uniteD (Mind the Acoustic Pieces)[15] og The Iron Maidens (The Iron Maidens: World's Only Female Tribute to Iron Maiden).[16] I tillegg vart songen gjeven ut av Sentenced på The Trooper-EPen (1994),[17] Hellsongs på Hymns in the Key of 666 (2008),[18] Thumper på Metalliska,[19] Highland Glory som bonusspor på Forever Endeavour (2005),[20] Radio Cult på Grooves From The Grave (2008),[21] Stryper på The Covering,[22] Iced Earth på turnéutgåva av albumet Dystopia i 2011,[23] og 2Cellos i 2015 på albumet Celloverse.[24]
Songen er blitt nytta i videospela Guitar Hero 2, Carmageddon 2, Guitar Hero: Smash Hits og Rock Band,[25][26] og er nemnt i romanen World War Z av Max Brooks. Songen er i kjenningsmelodi for dokumentarserien Metal Evolution.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]1983 7" & 12" britiske singel
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» | Steve Harris | 4:10 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cross-Eyed Mary» (Jethro Tull-song) | Ian Anderson | 3:52 |
Utvida CD frå 2005
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfalenhalle Arena i Dortmund i Tyskland, 24. november 2003) | Harris | 4:13 |
2. | «The Trooper» | Harris | 4:12 |
3. | «Prowler» (live frå Egilshöllin i Reykjavík på Island, 7. juni 2005) | Harris | 4:24 |
4. | «The Trooper» (VIDEO - live i Westfallenhalle Arena i Dortmund) | Harris | 4:12 |
5. | «The Trooper» (VIDEO - original video) | Harris | 4:10 |
2005 7" blå vinyl
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfallenhalle Arena) | Harris | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Another Life» (live frå Egilshollin i Reykjavík) | Harris | 3:43 |
2005 12" biletplate
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» (live frå Westfallenhalle Arena i Dortmund) | Harris | 4:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Trooper» | Harris | 4:12 |
2. | «Murders in the Rue Morgue» (live frå Egilshollin i Reykjavík) | Harris | 3:33 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Frå singelomslaget:[27]
Iron Maiden
[endre | endre wikiteksten]- Bruce Dickinson – solovokal
- Dave Murray – gitar
- Adrian Smith – gitar
- Steve Harris – bassgitar
- Nicko McBrain – trommer
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Martin Birch – produsent, lydteknikar
- Derek Riggs – illustrasjon på omslaget
Lister
[endre | endre wikiteksten]Singel | Liste (1983) | Plassering\ | Album |
---|---|---|---|
«The Trooper» | Irish Singles Chart | 12[28] | Piece of Mind |
UK Singles Chart | 12[29] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«Flight of Icarus / The Trooper» | UK Albums Chart[merk 1] | 7[30] | — |
Singel | Liste (2005) | Plassering | Album |
«The Trooper» (live) | Canadian Singles Chart | 5[31] | Death on the Road |
Den danske Tracklisten | 7[32] | ||
Den finske singellista | 5[33] | ||
Den franske singellista | 100[34] | ||
Irish Singles Chart | 16[28] | ||
Den italienske singellista | 8[35] | ||
Den spanske singellista | 1[36] | ||
Sverigetopplistan | 5[37] | ||
Den sveitsiske singellista | 61[38] | ||
UK Singles Chart | 5[39] | ||
Singel | Liste (2006) | Plassering | Album |
«The Troopers» (live) | Den spanske singellista | 10[36] | Death on the Road |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nyutgjeving av begge singlane frå plateboksen The First Ten Years. Var lengre enn tidsgrensa for UK Singles chart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Trooper» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden Billboard Charts». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 114. ISBN 0-946391-84-X.
- ↑ «Iron Maiden Like You've Never Heard Them Before!». Blabbermouth.net. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden- Piece of Mind». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 245. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ «Maiden Vinyl Facts - Part 2». ironmaiden.com. Iron Maiden. 29 October 2014. Arkivert frå originalen 1. august 2015. Henta 24. august 2016.
- ↑ Childers, Chad (24 May 2013). «Iron Maiden, ‘The Trooper’ – Songs About Soldiers». Loudwire. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Sabotage!». Classic Rock (85): 8. 1 October 2005.
- ↑ «Iron Maiden Will Make 'At Least One More Album,' Says Bruce Dickinson». Blabbermouth.net. 4 August 2011. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden: More 'The Trooper' Single Details Revealed». Blabbermouth.net. 27 July 2005. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Various Artists - A Call to Irons: A Tribute to Iron Maiden, Vol. 1». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Producer Bob Kulick Discusses Iron Maiden Tribute Album Numbers From The Beast». Blabbermouth.net. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Various Artists - A Tribute to the Beast». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Metallica, Machine Head, Avenged Sevenfold, Dream Theater featured on Maiden Heaven CD». Blabbermouth.net. 25 June 2008. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Threshold, Within Temptation Members Record Acoustic Versions Of Iron Maiden Classics». Blabbermouth.net. 13 October 2010. Henta 24. august 2016.
- ↑ «The Iron Maidens». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Sentenced - The Trooper». Metal Storm. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Hellsongs - Hymns in the Key of 666». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Various Artists - Metalliska». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Highland Glory- Forever Endeavour». Discogs. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Radio Cult Catalogue». Radio Cult. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Stryper: The Covering Album Pushed Back To Early 2011». Blabbermouth.net. 24 October 2010. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iced Earth - Dystopia Tour Edition To Be Available At Merch Stands On North American Tour». Brave Words & Bloody Knuckles. 14 June 2011. Henta 24. august 2016.
- ↑ «2Cellos Create A New Dimension With Celloverse Album». PR Newswire. 9 December 2014. Henta 24. august 2016.
- ↑ Bozon, Mark (5 May 2009). «Guitar Hero Smash Hits: The Full Track List». IGN. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden Rock Band Downloadable Content Due In June». Blabbermouth.net. 29 May 2009. Henta 24. august 2016.
- ↑ "The Trooper" 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 20 June 1983.
- ↑ 28,0 28,1 «Search the Charts». IRMA. Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 16. august 2016. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Top 40 Official UK Singles Archive 9 July 1983». Official Charts Company. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Top 40 Official UK Albums Archive 24 March 1990». Official Charts Company. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden - 'The Trooper' (song)». Tracklisten. Danishcharts.com. Arkivert frå originalen 28. september 2013. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden - 'The Trooper' (song)». The Official Finnish Charts. Finnishcharts.com. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden - 'The Trooper' (chanson)». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden Songs». FIMI. Italiancharts.com. Henta 24. august 2016.
- ↑ 36,0 36,1 «Iron Maiden - 'The Trooper' (Song)». PROMUSICAE. Spanishcharts.com. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Diskografi Iron Maiden». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 20 October 2011.
- ↑ «Iron Maiden - 'The Trooper'». Swiss Hitparade. Henta 24. august 2016.
- ↑ «Top 40 Official UK Singles Archive 27 August 2005». Official Charts Company. Henta 24. august 2016.