Hopp til innhald

Theodor Mommsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theodor Mommsen

Theodor Mommsen måla av Ludwig Knaus
Nasjonalitet Tysk
Statsborgarskap Kongedømet Preussen, Hertugdømet Slesvig
Fødd 30. november 1817
Garding i Hertugdømet Slesvig
Død

1. november 1903 (85 år)
Berlin-Charlottenburg

Yrke Historikar
Politisk parti Nationalliberale Partei, Liberale Vereinigung, Deutsche Fortschrittspartei
Medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det saksiske vitenskapsakademiet, Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Serbian Learned Society, Deutsches Archäologisches Institut, Det bayerske vitskapsakademiet, Göttingens vitenskapsakademi, Vitskapsakademiet i St. Petersburg, Det ungarske vitskapsakademiet, Austrian Archaeological Institute, Académie des inscriptions et belles-lettres, American Academy of Arts and Sciences, Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen, Accademia Nazionale dei Lincei, Det russiske vitskapsakademiet, American Antiquarian Society, Burschenschaft Teutonia zu Kiel, Accademia delle Scienze di Torino, Freie Wissenschaftliche Vereinigung, Society for Defense against Anti-Semitism
Far Jens Mommsen
Ektefelle Maria Auguste Mommsen
Born Karl Mommsen, Marie Mommsen, Konrad Mommsen, Ernst Mommsen, Hans Georg Mommsen, Wolfgang Mommsen, Lisbet Mommsen
Theodor Mommsen på Commons

Christian Matthias Theodor Mommsen (fødd 30. november 1817 i Garding i Hertugdømet Slesvig, på den tid i personalunion med Danmark, død 1. november 1903 i Berlin-Charlottenburg) var ein tysk historikar som vert rekna som den viktigaste oldtidssforskaren på 1800-talet.

Han skreiv ikkje skjønnlitteratur, men likevel fekk han i 1902 Nobelprisen i litteratur med den begrunninga at han var «den største nolevande meister i historieskrivarkunsten, med spesiell vekt på det monumentale verket hans, Römische Geschichte»[1][2] («romersk historie»). Verket kom ut i tre bind mellom 1854 og 1856 og tok for seg den historia til romarane fram til romarrepublikken enda etter Julius Cæsar. Mommsen sine verk om historia til Romarriket er av grunnleggande betydning sjølv for dagens forskarar.

Mommsen var medlem av den preussiske landdagen og seinare Riksdagen i tre ulike periodar, først for det liberale Fortschrittspartei, seinare for det nasjonalliberale partiet og til slutt for dei såkalla Sezessionisten.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «the greatest living master of the art of historical writing, with special reference to his monumental work, A history of Rome»"
  2. Nobeltildelinga i 1902

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Theodor Mommsen