Hopp til innhald

Thomas C. Schelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas C. Schelling

Fødd14. april 1921
Oakland i California
Død13. desember 2016
Bethesda
NasjonalitetUSA
Områdesamfunnsøkonomi, economics and politics, spelteori, konflikthåndtering, sosialt problem, atomkrig
Yrkesamfunnsøkonom, statsvitar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Yale University
University of Maryland
Alma materHarvard University
University of California, Berkeley
San Diego High School
DoktorgradsrettleiarJames Duesenberry
Wassily Leontief
Arthur Smithies
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Econometric Society

Thomas Crombie Schelling (14. april 192113. desember 2016) var ein USA-amerikansk økonom og professor i utanrikssaker, nasjonal tryggleik, atomstrategi og forsvarskontroll ved Universitetet i Maryland, College Park, School of Public Policy.

Schelling si mest berømte bok, The Strategy of Conflict (Konfliktstrategiar) frå Harvard University Press i 1960, pionerte studiet av forhandlingar og strategiske val og blir sett på som ei av dei hundre bøkene som har øvd størst innflytnad i Vesten sidan 1945.

I 1971 publiserte han ein ofte-sitert artikkel om rasedynamikk, kalla «Dynamic Models of Segregation» (Dynamiske modellar for segregering). I dette verket forklarte han korleis eit bustadstrøk med berre kvite bebuarar raskt kunne bli eit nabolag med berre mørkhuda, til og med om ingen av dei kvite bebuarane var absolutt imot å bu i eit integrert bustadstrøk.

Schelling deltok i debatten om global oppvarming. Gjennom sin argumentasjon for at problemet har vorte sterkt overdrive, var han ein av dei leiande innan København-konsensusen.

Professor Schelling underviste tidlegare i tjue år ved Harvard University sin John F. Kennedy School of Government, der han var Lucius N. Littauer-professor i politisk økonomi.

Saman med Robert J. Aumann vann han Nobelprisen i økonomi i 2005 for å ha «styrka forståinga vår av konflikt og samarbeid gjennom spelteorianalysar».

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]