Hopp til innhald

Tim Feehan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tim Feehan

Fødd27. april 1957 (67 år)
FødestadEdmonton
FødenamnTimothy Joseph Feehan
OpphavEdmonton i Alberta i Canada
Aktiv1977 til i dag
SjangerPop, rock
Instrumentvokal, piano, gitar
PlateselskapMustard, Scotti Brothers, MCA, Park Drive Publishing
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, plateprodusent, studioeigar

Tim Feehan (fødd 27. april 1957) er ein kanadisk songar-låtskrivar, produsent, studioeigar og miksar.

I 1986 vann Feehan ein låtskrivarkonkurranse sponsa av produsenten David Foster og flytta til Los Angeles. Debutalbumet Tim Feehan kom ut i 1987.

Tidleg i 1990-åra deltok Feehan på fleire prosjekt med David Foster og gav i 1996 ut albumet Pray for Rain. I 2000-åra har han samarbeid med musikarar som Brian McKnight, Boyz II Men, Bone Thugs-n-Harmony og Sergio Vallin frå den meksikanske supergruppa Mana.

Feehan har bidrege med songar i fjernsynsseriar som Desperate Housewives, Brothers and Sisters, My Name Is Earl, Ugly Betty, The Good Wife, Boston Legal, Dexter, Las Vegas, The Hills, Entourage, The City, One Tree Hill, Norbit, Greek, Numb3rs og andre.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]