Trouble av Elvis Presley
Trouble Song av Elvis Presley frå albumet King Creole | ||
Utgjeve | 29. juli 1958 | |
Innspelt | 15. januar 1958 | |
Sjanger | Rock and roll, blues | |
Lengd | 2:16 | |
Selskap | RCA Victor | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber og Mike Stoller |
---|
«Trouble» er ein bluessong skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, opphavleg framført av Elvis Presley i 1958 og spelt av fleire andre artistar seinare, mellom andre Amanda Lear.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Elvis Presley framførte songen i 1958 i filmen King Creole, og gav ut songen på albumet med same namn. «Trouble», med Scotty Moore på gitar, var ein av berre tre songar i filmen som var skriven av Leiber og Stoller. Framsyninga til Presley i filmen etterliknar Muddy Waters og Bo Diddley. Musikkritikaren Maury Dean føreslo at «Trouble», med Presley sin «snerrande vokal», er ein av dei første proto-punk-songane.[1]
Ti år seinare opna Presley comeback-fjernsynsprogrammet i 1968 med denne songen. Med ei mørkt, stemningsskapande lyssetjing, synte sekvensen til den varierte fortida til Presley og det «farglege» imaget der songaren vart framstilt som «sexy, mutt og pirrande».[2][3] Songen glei så over i «Guitar Man». Presley framførte songen fleire gonger på turneane sine tidleg i 1970-åra. I 1975 spelte Presley inn «T-R-O-U-B-L-E» og gav han ut på singel, men dette er ein heilt annan song.
Songen vart nytta i musikalen Smokey Joe's Cafe.
Amanda Lear-versjonen
[endre | endre wikiteksten]La Bagarre Singel av Amanda Lear frå albumet I Am a Photograph | ||
B-side |
«Lethal Leading Lady» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1975 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Polydor, Creole, Ariola | |
Låtskrivar(ar) | Jerry Leiber og Mike Stoller, Vline Buggy | |
Amanda Lear-kronologi | ||
La Bagarre | «Blood and Honey» (1976)
|
Songaren og modellen Amanda Lear spelte inn ein franskspråkleg versjon av «Trouble», kalla «La Bagarre», med ny tekst skriven av Vline Buggy. Denne versjonen vart gjeven ut som debutsingelen hennar i Frankrike og Belgia i 1975 av Polydor Records, med «Lethal Leading Lady» på B-sida, ein song som Lear var med å skrive. Singelen selde dårleg og i 1976 vart det gjeve ut ein engelskspråkleg versjon i Europa på Creole Records, men igjen selde han dårleg.
Lear framførte songen på Musikladen i 1976 i Vest-Tyskland, kledd i svart lêr i same stil som Elvis i 1950-åra.[4] Framføringa fekk Ariola Records til å gje ut «La Bagarre» på ny og signerte ho for ein platekontrakt på seks plater. Singelen vart òg marknadsført på det tyske TV-showet 3 nach 9, der Lear måtte motbevise at ho var transseksuell.[5]
«La Bagarre» om ut på debutalbumet til Lear i 1977, I Am a Photograph. Songen vart sidan fjerna på seinare utgåver til fordel for «Queen of Chinatown».
Lear spelte den engelskspråklege versjonen av songen i 2014 for albumet sitt med Elvis Presley-ongar, My Happiness.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- A. «La Bagarre» – 3:40
- B. «Lethal Leading Lady» – 2:50
- A. «Trouble» – 3:40
- B. «Lethal Leading Lady» – 2:50
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Jackie DeShannon spelte inn «Trouble» i 1959 med B-sida «Lies».
- Suzi Quatro spelte inn «Trouble» i 1974 for det andre albumet sitt, Quatro.
- Gillan nådde 14. plassen på den britiske singellista med sin versjon i oktober 1980.[10]
- Glenn Danzig spelte inn fleire versjonar, mellom anna med Danzig i 1993 på EP-en Thrall: Demonsweatlive.
- Robbie Williams spelte songen i 2002 på DVD-konserten The Robbie Williams Show.
- Carrie Underwood spelte songen i fjerde sesongen av American Idol.
- Britney Spears opna MTV Video Music Awards i 2007 med dei første linjene av «Trouble», før ho glei over i singelen sin «Gimme More».
- Greg Dulli og Kerry Brown dansa til songen i filmen P.S. I Love You.
- My Ruin spelte inn songen i 2013 på albumet The Sacred Mood.
- Alan Cumming spelte inn songen i 2015 for filmen Strange Magic.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trouble (Elvis Presley song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Dean, Maury. Rock N Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia s. 438.
- ↑ Doll, Susan. Understanding Elvis: Southern Roots vs. Star Image 1998. s. 154.
- ↑ Doll, Susan. Elvis for Dummies 2009. s. 182.
- ↑ «La Bagarre Amanda Lear». YouTube. www.youtube.com. Henta 14. oktober 2016.
- ↑ «AMANDA LEAR - INTERVIEW «3NACH9» (GERMANY 29/05/1976)». 3 nach 9 (på engelsk og tysk). www.youtube.com. Henta 14. oktober 2016.
- ↑ «Amanda Lear - La Bagarre / Lethal Leading Lady (Vinyl) at Discogs». www.discogs.com. Henta 14. oktober 2016.
- ↑ «LA BAGARRE - 1975 Frankrike». amandalear_singoli.tripod.com. Henta 14. oktober 2016.
- ↑ «Trouble / Lethal Leading Lady by Amanda Lear : Reviews and Ratings - Rate Your Music». rateyourmusic.com. Henta 6. mai 2011.
- ↑ «TROUBLE - 1976 Spania». amandalear_singoli.tripod.com. Henta 6. mai 2011.
- ↑ «Chart Stats - Gillan - Trouble». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 14. oktober 2016.