Hopp til innhald

Uglefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uglefamilien
Snøugle Foto: Silver Leapers
Snøugle
Foto: Silver Leapers
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Vigors, 1825

Uglefamilien (Strigidae) er ein famile med ca. 230 artar av små til mellomstore predatorar i den biologiske ordenen Strigiformes. Dei har kort, krokete nebb, stort hovud, sterkt utvikla syn og høyrsle, og er for det meste nattaktive.

«Verkelege ugler», Strigidae, er ein av dei to allment aksepterte uglefamiliane, systerfamilien er tårnuglefamilien, Tytonidae. Verkelege ugler har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på alle kontinent unntatt Antarktis.

Kyrkjeugle, Athene noctua
Foto: Petro Katerynych
Kattugle, Strix aluco
Foto: Ігор Червоненко
Gnomugle, Glaucidium gnoma
Foto: Alan D. Wilson

Medan verkelege ugler, frå no av berre kalla ugler, varierer sterkt i storleik, slik at dei største artane, hubro og nordfiskeugle, (60–71 cm; 3150–4600 gram) har omtrent 85 gonger meir masse enn den minste arten, alveugle, (12,5-14 cm; 35-55 gram). Ugler deler generelt ei svært lik kroppsbygning.[1] Typisk har dei stort hovud, korte halar, kamuflerande fjørdrakter og runde andlet med karakteristiske «tallerkenar» rundt auga. Familien er generelt knytt til tre, med nokre få unntak som graveugle, og flyg mot føda eller byttet. Vengene er breie, avrunda og lange. Nett som rovfuglar, syner mange ugleartar kjønnsdimorfisme i storleik, der hofuglar er større enn hannfuglar.[2]

Hornugleunge
Foto: Tom Maack

Fjørene er mjuke og den indre delen av kvar fjør er dunete, slik at uglene rører seg med minimal lyd i flukta. Spesialiserte fjører og vengeform undertrykker vanleg støy frå flyging, både når dei tar av, klapper med vengene og glir i flukta.[3] Denne nær lydlause flukta lèt ugler jakte utan å bli høyrt av byttet. Ugler har tre fysiske eigenskapar ved vengene som blir rekna å bidra til den spesielle flygingsevna deira. På framkanten av vengen er det ein kam av stive fjører. Bakkanten av vengen har fleksible frynser.[4] Til slutt har oversida av vengen dunkleding som skaper ei ettergjevande grov overflate, liknande eit mjukt teppe. Alle desse faktorane resulterer i monalege aerodynamiske støyreduksjonar.[5] Tær og tars er fjørdekte hos einskilde artar, og meir på artar som lever på høgare breiddegrader.[6]

Ugler er i stand til å rotere hovudet heile 270 grader i begge retningar utan å skade blodårene i nakken og hovudet, og utan å forstyrre blodstraumen til hjernen. Haukugle og fleire av artane i slekta Glaucidium har øyelappar på baksida av hovudet, tilsynelatande for å overtyde andre fuglar om at dei blir overvakt heile tida. Talrike nattlege artar har øyretoppar, fjører på sidene av hovudet som er trudd å ha ein kamuflasjefunksjon, ved å bryte opp omrisset av ein fugl som sit stille. Fjørene «andletstallerkenane» er ordna for å styrkje lydar mot øyra. Høyrsla til ugler er svært kjenslevar og øyrane hos mange artar har asymmetriske opningar slik at ugla betre lokaliserer lydkjeldene. I tilhøve til storleiken på kroppen har ugler store auge. I motsetnad til det mange trur, kan ikkje ugler sjå godt i ekstremt mørke, og har dessutan godt dagssyn.[1]

Nokre ugleartar har eit fluorescerande pigment kalla porfyrinar under vengene. Ei stor gruppe pigment definert av nitrogenhaldige pyrolringer, inkludert klorofyll og heme i animalsk blod, utgjer porfyrinene. Andre fugleartar nyttar porfyriner til å pigmentere eggeskal i eggleiaren, men ugleartar bruker likevel porfyriner som pigment i fjørdrakta,[7] til dømes slipeugle, Aegolius acadicus. Porfyrinar er mest utbreidde i nye fjører og blir lett øydelagt av sollys. Dei blir synlege for menneske i ultrafiolett lys er derfor ein markør for å fastsette alderen på fjørene og med det alderen på individet.[8]

Åtferd

Ugler er vanlegvis nattlege og/eller aktiv i tussmørker og kviler store delar av dagen. Dei blir ofte misforstått som tamme sidan dei lèt menneske nærme seg ganske tett innpå før dei flyg, men i røynda er stillesittinga ein strategi for å unngå å bli oppdaga. Den kamuflerande fjørdrakta og dei dulde kvileplassande dei sit på, er ein freistnad på å unngå predatorar og mobbing av småfuglar.[9]

Trekk

Berre få ugleartar gjer regelbundne trekk. Dverghornugle i Eurasia er ein sterk langdistansetrekkfugl, langt dei fleste populasjonane trekker til Afrika for overvintring. Jordugla gjer òg lange trekk, men populasjonar i nokre område, som i Sør-Amerika, er standfuglar. Andre trekkande ugler i Noreg er hornugle og snøugle. I Amerika er graveugle, alveugle og slipeugle kjente trekkfuglar.

Slektene i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[10] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[11] Det er 23 slekter i familien som samlar ca. 230 nolevande artar.

  • Slekt Uroglaux er ein art, papuaugle, Uroglaux dimorpha, Papuan Hawk-owl, (Salvadori, 1874), (LC)
  • Slekt Ninox samlar 35 ugler i Asia og den australske regionen, mange med fellesnemninga falkugle
  • Slekt Margarobyas er ein art, gulbeinugle, Margarobyas lawrencii, Bare-legged owl, (Sclater, PL & Salvin, 1868), (LC)
  • Slekt Taenioptynx, to særs små ugleartar i den indomalayiske regionen
  • Slekt Micrathene, ein art, alveugle, Micrathene whitneyi, Elf owl, (Cooper, JG, 1861), (LC)
  • Slekt Xenoglaux, ein art, kinnskjeggugle, Xenoglaux loweryi, Long-whiskered owlet, O'Neill & Graves, GR, 1977, (VU)
  • Slekt Aegolius samlar perleugle på den nordlege halvkula, saman med tre andre artar i den nearktiske og den neotropiske regionen
  • Slekt Athene samlar ni små og mellomstore ugler på alle kontinent unntatt Australia og Antarktis, av dei fire på Salomonøyane
  • Slekt Surnia, ein art, haukugle, Surnia ulula, Northern Hawk-owl, (Linnè, 1758), (LC)
  • Slekt Glaucidium 29 små ugler med samla sett kosmopolitisk utbreiing
  • Slekt Otus samlar 55 ugleartar i «den gamle verda», har øyretoppar
  • Slekt Ptilopsis er to artar i Afrika med lys fjørdrakt
  • Slekt Asio samlar ni typiske ugler med øyretoppar, dei er utbreidde på alle kontinent unntatt Australia og Antarktis
  • Slekt Jubula er ein art, mankeugle, Jubula lettii, Maned owl, (Büttikofer, 1889), (DD)
  • Slekt Bubo 20 artar hubroar inkludert snøugle, både i Amerika og i «den gamle verda»
  • Slekt Scotopelia tre flodugler i den afrotropiske regionen
  • Slekt Ketupa er tre fiskeugler i Asia
  • Slekt Psiloscops, ein art, flammeugle, Psiloscops flammeolus, Flammulated owl, (Kaup, 1852), (LC)
  • Slekt Gymnasio, ein art, puertoricougle, Gymnasio nudipes, Puerto Rican owl, (Daudin, 1800), (LC)
  • Slekt Megascops 23 «typiske» ugler i Amerika
  • Slekt Pulsatrix tre artar i den neotropiske regionen
  • Slekt Lophostrix, ein art, kvittoppugle, Lophostrix cristata, Crested owl, (Daudin, 1800), (LC)
  • Slekt Strix 23 typiske ugler utan øyretoppar

10 ugleartar hekkar i Noreg. Dette er:

  • Denne artikkelen bygger på «True owl» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2021
  • Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I.J. Lovette (2020). Owls (Strigidae), version 1.0. n Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.strigi1.01

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Marks, J. S.; Cannings, R.J. and Mikkola, H. (1999). "Family Strigidae (Typical Owls)". In del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J. (eds.) (1999). Handbook of the Birds of the World. Volume 5: Barn-Owls to Hummingbirds. Lynx Edicions. ISBN 84-87334-25-3
  2. Earhart, Caroline M.; Johnson, Ned K. (1970). «Size dimorphism and food habits of North American owls». Condor 72 (3): 251–264. JSTOR 1366002. doi:10.2307/1366002. 
  3. Wagner, Hermann; Weger, Matthias; Klaas, Michael; Schröder, Wolfgang (6 February 2017). «Features of owl wings that promote silent flight». Interface Focus 7 (1): 20160078. PMC 5206597. PMID 28163870. doi:10.1098/rsfs.2016.0078. 
  4. Hajian, Rozhin; Jaworski, Justin W. (2017). «The steady aerodynamics of aerofoils with porosity gradients». Proceedings of the Royal Society A: Mathematical, Physical and Engineering Sciences 473 (2205): 20170266. Bibcode:2017RSPSA.47370266H. PMC 5627374. PMID 28989307. doi:10.1098/rspa.2017.0266. 
  5. «The secrets of owls' near noiseless wings». Science Daily. Science Daily. 24 November 2013. Henta 1 December 2019. 
  6. Kelso L, Kelso E (1936). «The relation of feathering of feet of American owls to humidity of environment and to life zones». Auk 53 (1): 51–56. JSTOR 4077355. doi:10.2307/4077355. 
  7. Weidensaul, C. Scott; Colvin, Bruce A.; Brinker, David F.; Huy, J. Steven (June 2011). «Use of ultraviolet light as an aid in age classification of owls» (PDF). The Wilson Journal of Ornithology 123 (2): 373–377. doi:10.1676/09-125.1. Henta 30 January 2020. 
  8. John W. Fitzpatrick, Amanda D. Rodewald, Chapter 4 Feather and Plumages i «Handbook of Bird Biology (Cornell Lab of Ornithology) 3rd Edition» Wiley-Blackwell, September 2016 ISBN 978-1118291054, s. 137
  9. Geggel, Laura (September 19, 2016). «Are All Owls Actually Night Owls?». LiveScience. 
  10. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 26. september 2021
  11. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunssstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Uglefamilien