Universitetet i Tartu
58°22′52″N 26°43′13″E / 58.38111°N 26.72028°E
Universitetet i Tartu | |||
Hovudbygninga | |||
| |||
Grunnlagt | 1918 | ||
---|---|---|---|
Rektor | Johan Kõpp, Hans Kruus, Hans Kruus, Jaak Aaviksoo, Alar Karis | ||
Studentar | 13 000 (2021) | ||
Medlemskap | Coimbragruppa | ||
Nettstad | https://www.ut.ee (estisk) | ||
Universitetet i Tartu 58°22′52″N 26°43′13″E / 58.381111111111°N 26.720277777778°E |
Universitetet i Tartu (estisk Tartu Ülikool, TÜ, latin Universitas Tartuensis) er eit universitet i Estland.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Universitetet blei grunnlagt i 1632 i det som på den tida var ein del av det svenske riket. Under svensketida i Estland fungerte universitetet i to periodar, kjende som Academia Gustaviana (1632–1665) og Academia Gustavo-Carolina (1690–1710). På grunn av krig og uro måtte universitetet i delar av denne tida halde til andre stader.
Under tsar-tida blei universitetet gjenopna som Kaiserliche Universität zu Dorpat (1893–1918, russisk Императорский Дерптский Университет). I 1919 blei universitetet gjenopna som eit nasjonalt estisk universitet. I sovjettida (1940–1941 og 1944–1989) blei universitetet etter sovjetisk modell kalla «Tartu statlege universitet» (estisk Tartu Riiklik Ülikool, TRÜ). Under den tyske okkupasjonen (1942–1944) fungerte universitetet under namnet Ostland-Universität in Dorpat (estisk Eesti Omavalitsuse Tartu Ülikool).
Etter gjenopprettinga av den estiske staten i 1991 har universitetet, som er det eldste, største og fremste universitetet i Estland, utvikla seg til å bli eit internasjonalt miljø, med fleire høve til å studere på engelsk og med omkring 4 % internasjonale studentar blant doktorgradsstipendiatane. I 2007 hadde universitetet totalt i underkant av 18 000 studentar.
Leiing
[endre | endre wikiteksten]Det øvste styrande organet for universitetet er universitetet sitt råd. Universitetet blir no leia av rektor professor Volli Kalm, som står i spissen for eit rektorat som også omfattar ein studieprorektor, ein forskingsprorektor, direktørar for administrasjon, finans og forvalting, dekanane for kvart fakultet og ein representant for studentrådet.
Fakultet
[endre | endre wikiteksten]Universitetet har 11 fakultet:
- Teologisk fakultet (estisk Usuteaduskond)
- Juridisk fakultet (estisk Õigusteaduskond)
- Medisinsk fakultet (estisk Arstiteaduskond)
- Filosofisk fakultet (estisk Filosoofiateaduskond)
- Biologisk og geografisk fakultet (estisk Bioloogia-geograafiateaduskond)
- Fysisk og kjemisk fakultet (estisk Füüsika-keemiateaduskond)
- Pedagogisk fakultet (estisk Haridusteaduskond)
- Idrettsfakultetet (Kehakultuuriteaduskond)
- Økonomisk fakultet (estisk Majandusteaduskond)
- Fakultet for matematikk og informatikk (estisk Matemaatika-informaatikateaduskond)
- Samfunnsvitskapleg fakultet (estisk Sotsiaalteaduskond)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Universitetet i Tartu» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2009.