Hopp til innhald

Vaksdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vaksdal
tettstad
Vaksdal
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vaksdal
Areal 0,68 km²
Folketal 959  (2023)
Folketettleik 1 410 / km²
Postnummer 5725 VAKSDAL
Innbyggjarnamn vaksdøl
Preposisjon Vaksdal
Kart
Vaksdal
60°28′44″N 5°44′14″E / 60.4789°N 5.73722°E / 60.4789; 5.73722
Wikimedia Commons: Vaksdal (village)

Vaksdal er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Staden ligg ved Sørfjorden tvers ovanfor bygda BruvikOsterøya. Både Bergensbanen/Vossabanen og E16 går gjennom bygda. Vaksdal er frå gamalt av bygd opp rundt bakevareprodusenten Møllerens sin fabrikk på staden. Det er denne fabrikken som utnyttar krafta i elva som kjem frå dei to ovanforliggjande dalane Sædalen og Herfindalen. I dag har også Felleskjøpet fabrikk i same bygget.

Vaksdal sett frå BrøknipaOsterøy

På Vaksdal finn ein Vaksdal Senter med Coop Prix, Milano pizza, bibliotek og tannklinikk. Vaksdal barneskule, Vaksdal kyrkje, bensinstasjon og Sæterdal elektro.

I tilknyting til tettstaden Vaksdal ligg smågrendene Skreien i nord, og Boge, Kjeneset, Langhelle, Sandvik og Staveneset i sør.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.