Vejle
Utsjånad
Vejle | |||
---|---|---|---|
Veljefjordbrua | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune |
Danmark Region Syddanmark Vejle kommune | ||
Grunnlagd | 1100-talet[1] | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
144 km² | ||
Innbyggjarar - By (2013) |
52 449 | ||
Koordinatar | 55°43′N 09°32′E / 55.717°N 9.533°E | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.vejle.dk | |||
Plassering | |||
Vejle er ein by og tidlegare kjøpstad i Vejle kommune i Danmark på søraustsida av Jylland. Vejle er den åttande største byen i Danmark med 52 449 innbyggjarar (2013).[2] Byen er administrasjonsenter i kommunen og for Region Syddanmark.[3]
Vejle ligg ved inngangen til Vejlefjorden, og er kjend for forholdsvis høge, til Danmark å vere, skogkledde åsar nord og sør for byen.
Den gamle, sentrale delen av byen inneheld ei gågate som fører opp til det tidlegare rådhuset, bygd i 1878–79. Andre landemerke er St. Nikolaikyrkja frå midten av 1200-talet, og ei vindmølle som er bygd i åssida i sør, og som ein kan sjå frå nesten alle stader i byen. Byen er òg eit industrisenter, og har ei stor skipshamn.
-
Rådhus
-
Strøget
-
Vejle Vindmølle
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 137, ISBN 87-567-6203-8
- ↑ Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 10. februar 2014)
- ↑ Vejle frå Den Store Danske Encyklopædi (Vitja 10. februar 2014)