Viktor Emmanuel II av Italia
Utsjånad
Viktor Emmanuel II av Italia | |||
| |||
Konge av Italia | |||
italiensk | Vittorio Emanuele II | ||
---|---|---|---|
Fødd | 14. mars 1820 | ||
Fødestad | Torino | ||
Død | 9. januar 1878 | ||
Dødsstad | Roma | ||
Gravstad | Pantheon i Roma, Tomb of Victor Emmanuel II | ||
Gift med | Maria Adelaide d'Asburgo-Lorena, Rosa Vercellana | ||
Dynasti | Huset Savoia | ||
Far | Karl Albert av Sardinia | ||
Mor | Maria Theresia av Østerrike-Toscana | ||
Born | Umberto I av Italia, Marie-Clotilde de Savoie, Amadeus I av Spania, Oddone av Savoie, Maria Pia av Savoie, Donato Etna, Carlo Alberto di Savoia-Carignano, Principe di Savoia, Vittorio Emanuele di Savoia-Carignano, Vittorio Emanuele di Savoia-Carignano, Principe di Savoia, Vittoria Guerrieri, Emanuele Alberto Guerrieri di Mirafiori, Emanuela Maria Alberta Vittoria di Roverbella, Vittorio di Rho, Maria Pia di Rho |
Viktor Emmanuel II av Italia (14. mars 1820–9. januar 1878). Han var frå 1849 til 1861 konge av Kongedømet Sardinia, som omfatta Piemonte, Savoie og Sardinia. Den 17. mars 1861 tok han tittelen Konge av Italia, og vart den første kongen i det samla kongeriket Italia. Tittelen hadde han til han døydde i 1878.
Ekteskap og barn
[endre | endre wikiteksten]I 1842 gifta Viktor Emmanuel seg med kusina Maria Adelaide av Habsburg (1822 - 1855). Nokre av borna dei fekk var:
- Marie Clothilde (1843-1911), som gifta seg med Napoleon Joseph (1822 - 1891, Prins Napoleon).
- Umberto (1844-1900), som seinare vart konge av Italia.
- Amedeus (1845-1890), som seinare vart konge av Spania.
- Oddone Eugenio (1846-1866), hertug av Montferrato.
- Maria Pia (1847-1911), som gifta seg med Louis av Portugal.
- Carlo Alberto (1851-1854), hertug av Chablais.
- Viktor Emanuel (1852).
- Viktor Emanuel (1855), greve av Geneve.
Rosa Teresa Vercellana Guerrieri (med kjælenamnet La Rosina) var Viktor Emmanuel si elskarinne ei tid. Greven av Mirafiori og Fontanafredda var deira son, fødd utanom ekteskap.