Hopp til innhald

Vlasinasjøen

Koordinatar: 42°42′N 22°20′E / 42.700°N 22.333°E / 42.700; 22.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vlasinasjøen
innsjø
Land  Serbia
Innsjøtype reservoar
Utløp Vlasina
Høgd over havet 1211 moh.
Lengd 10,5 km
Breidd 3,5 km
Areal 16 km²
Middeldjupn 10,3 m
Volum 1,65 km³
Tilfrosen Stundom
Koordinatar 42°42′N 22°20′E / 42.700°N 22.333°E / 42.700; 22.333
Øyar 2 permanente
Kart
Vlasinasjøen
42°42′00″N 22°20′00″E / 42.7°N 22.333333333333°E / 42.7; 22.333333333333
Wikimedia Commons: Vlasina Lake

Vlasinasjøen (serbisk Власинско језеро, Vlasinsko jezero) er ein delvis kunstig innsjø søraust i Serbia. Han ligg 1211 meter over havet og har eit areal på 16 km². Dette er den høgaste og største kunstige innsjøen i Serbia. Han vart skapt frå 1947 til 1951 då ei torvmyr vart lukka av ein dam og lagt under vatn av elvane som strøymde inn, hovudsakleg elva Vlasina.

Vlasinasjøen

Innsjøen ligg på Vlasinaplatået i kommunane Surdulica og Crna Trava.[1] Platået er omgjeve av fjella Čemernik, Vardenik og Gramada.[2] Innsjøen strekkjer seg om lag 9,5 km frå nord til sør og er opp mot 3,5 km brei på det breiaste. Middeldjupna er 10,5 meter og på det djupaste er han 34 meter, nær demninga.[3]

Demninga ligg i den nordvestlege delen av innsjøen. Han har ei kjerne av sement og er dekt av jord. Demninga er 239 meter lang og 139 meter brei, og held tilbake 1,65 km³ vatn.[4] Eit system på fire vasskraftverk kalla Vrla (I-IV) ligg nedanfor innsøjen langs elva Vlasina. Dei har ein total kapasitet på 125 MW.[5]

Det er to permanente øyar i innsjøen, langs austbreidda. Desse er Dugi del (7,84 ha) og Stratorija (1.82 ha).[1] I tillegg til desse finst det fleire flytande øyar[6], som oppstår i periodar med høg vasstand når store bitar av torv bryt laus frå breidda. Den største av desse «øyane» som er observert har eit areal på 8 hektar. Ho er dekt av tett vegetasjon, mellom anna bjørk.[7]

  1. 1,0 1,1 Ministry of Environmental Protection of Republic of Serbia (11. april 2006). «Уредба о заштити Предела изузетних одлика „Власина”» (PDF) (på serbisk). Official Gazette of Republic of Serbia. Arkivert frå originalen (PDF) 27. juni 2007. Henta 18. mars 2009. 
  2. «Vlasinsko jezero» (på serbisk). Turistička organizacija Srbije. 
  3. «Vlasinsko jezero: biser juga Srbije» (på serbisk). Vlasinskojezero.co.yu. Arkivert frå originalen 20. august 2007. Henta 18. mars 2009. 
  4. «Izgradnja brana» (på serbisk). Vlasinskojezero.co.yu. Arkivert frå originalen 20. august 2007. Henta 18. mars 2009. 
  5. «Economic Association "Hydro Power Plants Djerdap", plc». Electric Power Industry of Serbia. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 18. mars 2009. 
  6. «21 projects for the 21st century:Vlasina lake». Tourist organization of Serbia. Arkivert frå originalen 9. april 2008. Henta 18. mars 2009. 
  7. «Ploveća ostrva» (på serbisk). Vlasinskojezero.co.yu. Arkivert frå originalen 20. august 2007. Henta 18. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]