Hopp til innhald

Wörner Gap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wörner Gap
fjellovergang
Wörner Gap frå Kuzman Knoll, med Pliska Ridge og Burdick Ridge i bakgrunnen.
Land  Antarktis
Grensar til Friesland Ridge, Bowles Ridge
Stad Livingston Island
 •  høgd 585 moh.
 - koordinatar 62°38′13.5″S 60°10′57″W / 62.637083°S 60.18250°W / -62.637083; -60.18250
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Wörner Gap
62°38′14″S 60°10′57″W / 62.6371°S 60.1825°W / -62.6371; -60.1825
Wörner Gap is located in Antarktis
Wörner Gap (Antarktis)

Wörner Gap (Sedlovina Wörner) er eit flatt skard som strekkjer seg 3 km frå sør til nord mellom Friesland Ridge og Bowles Ridge aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Høgda går frå 585 moh i sør til 541 moh i midten og 525 moh i nord. Skardet dannar eit isskilje mellom Perunikabreen i vest og Huronbreen i aust, og er i aust knytt til Kuzman Knoll, eit kjenneleg landemerke i området. Skardet vart vitja av feltgrupper frå St. Kliment Ohridski-basen og Juan Carlos I Base.

Fjellet er kalla opp etter Manfred Wörner (1934–94).

Skardet ligg 1,07 km vest for Kuzman Knoll, 2,39 km nordvest for Zograf Peak, 3,76 km nord for Mount Friesland, 2,64 km aust-nordaust for Pliska Peak, 3,79 km aust for Burdick Peak, 2,49 km sør-søraust for Mount Bowles og 1,53 km sør for Montana Bluff.