Walk on the Wild Side
Walk on the Wild Side Singel av Lou Reed frå albumet Transformer | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1972 | |
Innspelt | August 1972 | |
Studio | Trident, London | |
Sjanger | Glamrock[1][2] | |
Lengd | 4:12 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
Produsent | ||
Lou Reed-kronologi | ||
«Walk and Talk It» (1972) |
Walk on the Wild Side | «Satellite of Love» (1973)
|
«Walk on the Wild Side» er ein song av Lou Reed frå det andre soloalbumet hans Transformer frå 1972. Han vart produsert av David Bowie i lag med Mick Ronson. Songen vart mykje spelt på radio, trass i at han rører tabutema som transseksualitet, narkotika, mannleg prostitusjon og oralsex, og at uttrykket «colored» (farga) syner til afroamerikanarar. I USA gav RCA ut ein forkorta versjon av songen som singel, der referansen til oralsex var fjerna.
Teksten om fleire personar og reisa deira gjennom New York City, og referer til fleire «superstjerner» frå Andy Warhol sitt New York-studio, The Factory, nemleg Holly Woodlawn, Candy Darling, Joe Dallesandro, Jackie Curtis og Joe Campbell (omtalt med kallenamnet «Sugar Plum Fairy»). Candy Darling var òg tema i ein tidlegare song av Reed for The Velvet Underground, «Candy Says».
Saksofonsoloen i avslutninga er spelt av Ronnie Ross, som tidlegare hadde lært David Bowie å spele saksofon.
Korvokalen vert sungen av Thunderthighs, ei jentegruppe som bestod av Dari Lallou, Karen Friedman, Jacki Campbell og Casey Synge.
Songen er òg kjend for den doble basslinja spelt av Herbie Flowers på kontrabass og overdubba med bandlaus bass. I eit intervju på BBC Radio 4 (Playing Second Fiddle, frå juli 2005) hevda Herbie Flowers at årsaka til at han kom opp med den doble basslinja var at som studiomusikar ville han få dobbelt betalt for å spele to instrument på same spor.
I dokumentaren Classic Albums: Lou Reed: Transformer i 2001, seier Reed at det var romanen med same namn av Nelson Algren frå 1956, som var utgangspunktet for songen.
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
Årslister[endre | endre wikiteksten]
Salstrofé[endre | endre wikiteksten]
|
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen er spelt av mange andre artistar som Company B, Jamie J. Morgan, Gerty Molzen, Echo & the Bunnymen, Jimeoin, The Strokes, Robbie Williams, Sponge, The Rentals, Train, Vanessa Paradis, Jesse Malin, Young@Heart, Moby, Editors, Yves Klein Blue, Rick Braun, Tok Tok Tok og Pink Turtle.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Walk on the Wild Side (Lou Reed song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2011.
- ↑ Fleischmann, Mark and Ira Robbins. «Lou Reed». Trouser Press. Henta 29. mars 2022.
- ↑ Pepinster, Catherine (15. august 1998). «Gold Dust: Glamrock's top 10 singles». The Independent. Henta 9. februar 2021.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. 17. juli 2013. Henta 8. oktober 2016.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Walk on the Wild Side". Irish Singles Chart.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Lou Reed – Walk on the Wild Side" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Reed?f=379&g=Singles Lou Reed Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Lou Reed. Prometheus Global Media.
- ↑ "Lou Reed – Walk on the Wild Side – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Lescharts.com – Lou Reed – Walk on the Wild Side" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ «Archivio - Top Digital Download - Classifica settimanale WK 44 (dal 28-10-2013 al 03-11-2013)» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 4. juli 2014.
- ↑ "Reed?f=848&g=Singles Lou Reed Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for Lou Reed. Prometheus Global Media.
- ↑ "Spanishcharts.com – Lou Reed – Walk on the Wild Side" Canciones Top 50. Hung Medien.
- ↑ "Lou Reed – Walk on the Wild Side – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ «Official Singles Chart Top 100 | Official Charts Company». Officialcharts.com.
- ↑ "Lou Reed Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 4. juli 2014.
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 8. oktober 2016.
- ↑ «Italian single salstrofé – Lou Reed – Walk on the Wild Side» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Lou Reed in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «British single salstrofé – Lou Reed – Walk on the Wild Side». British Phonographic Industry. Enter Walk on the Wild Side in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
224: «Oh, Pretty Woman» Roy Orbison |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 223 «Walk on the Wild Side» Lou Reed |
222: «Walk Away Renée» The Left Banke |
- Songar frå 1972
- Singlar frå 1972
- Lou Reed-songar
- Songar om New York City
- LHBT-songar
- Songar skrivne av Lou Reed
- Songar om narkotika
- Songar om prostitusjon
- Songar baserte på faktiske hendingar
- Songar produserte av David Bowie
- Singlar frå 1990
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- RCA Records-singlar
- Glamrock-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone