Warpdrive
Utsjånad
Warpdrive er ein mekanisme for å oppnå høg snøggleik. Mekanismen vart foreslått av fysikaren Michael Alcubierre og dreiar seg om å manipulere geometrien til rommet. Metoden tillèt overlyssnøggleik, men er ikkje mogeleg å gjennomføre i praksis.
Mekanismen er populær i science fiction, særleg Star Trek. I motsetnad til andre måtar å flytte seg raskt på i science fiction, tillet ikkje warpdrive at ein kan flytte seg på ein augneblink mellom to punkt. I staden vert det skapt ei kunstig «boble» av normal romtid kring fartøyet. For å kunne få dette til må ein ha negativ masse, som ein aldri har klart å påvise, men forskarar i dag har undersøkt høvet for å forske på ein slik framdriftsmekanisme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Warp drive» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2013.
- «warpdrive», Store norske leksikon, 28. februar 2013