Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 43, 2014
Forslag 1: Den antarktiske halvøya
Den antarktiske halvøya er den nordlegaste delen av fastlandet i Antarktis. Ved overflata er ho den største halvøya i Antarktis og strekkjer seg 1300 km frå ei linje mellom Cape Adams (Weddellhavet) og eit punkt på fastlandet sør for Eklund Islands. Under isdekket som dekkjer Den antarktiske halvøya består ho av ei rekkje øyar som er skild av djupe kanalar. Kanalane er dekte av isen, men botnen av dei ligg godt under havnivå. Eldlandet, den sørlegaste delen av Sør-Amerika, ligg berre kring 1000 km unna på andre sida av Drakesundet.
Det ligg for tida mange forskingsstasjonar på Den antarktiske halvøya og fleire nasjonar har gjort krav på området. Halvøya er ein del av dei overlappande kravområda til Argentina, Chile og Storbritannia. Ingen av desse krava er internasjonalt anerkjente og dei respektive landa følgjer ikkje i dag aktivt opp desse krava. Les meir …
Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2014
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2014 kan forbetrast.