Wikipedia:Skanwiki
Skanwiki er eit konsept som skildrar samarbeidet mellom dei fire store skandinaviske wikipediane på svensk, dansk, bokmål og nynorsk. Skanwiki kan sjåast på som ei rekkje løysingar for å auka samarbeid mellom wikipediamiljøa. Desse er alle løysingar som først og fremst oppstod frå idéar innan det norske wikipediamiljøet, særskilt det på Nynorsk Wikipedia, men kan alle lett takast i bruk av dei andre wikipediane.
Denne sida er til for å samla ressursane me har skapt så langt.
Interwikilenkjer
[endre wikiteksten]Wikipedia:Interwikilenkjer er standarden for Nynorsk Wikipedia sin interwikipolitikk, og syner korleis me prioriterer andre skandinaviske interwikilenkjer ved å ha desse øvst i interwikilista.
Systemmeldingar
[endre wikiteksten]Alle systemmeldingane i MediaWiki-namnerommet kan forandrast på med tanke på interwikisamarbeid.
- MediaWiki:Noarticletext
- Dette er teksten som kjem opp dersom nokon prøver å gå til ei side som ikkje finst. Her har me lagt lenker til artikkelen med same namn på dei tre andre wikipediane.
Utvalde artiklar
[endre wikiteksten]Me legg ut dei utvalde artiklane frå alle fire på framsida. Det finst ein portal for dei utvalde artiklane.
Skanwiki på meta
[endre wikiteksten]Det finst òg ei Skanwiki-side på meta.