Hopp til innhald

William Lawes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Lawes

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1. mai 1602
Salisbury
Død

24. september 1645 (43 år)
Chester

Yrke komponist, gambist
Språk engelsk
William Lawes på Commons

William Lawes (døypt 1. mai 1602 i Salisbury/Wiltshire; død 24. september 1645) var ein engelsk komponist og musikar.

William Lawes blei fødd på slutten av april 1602 og døypt 1. mai same år. Far til William var kantor ved Salisbury Cathedral og broren, Henry, var òg ein kjend komponist.

Edward Seymour, Earl of Hertford var mesén for William Lawes og takka vere han fekk William gå i lære hos John Cooper. Truleg formidla Cooper kontakt mellom den unge Lawes og Charles, Prince of Wales. Då prinsen kom på den engelske trona som kong Charles I, fekk både William og den eldre broren, Henry, postar ved hoffet. William blei i 1635 utnemnd til musician in ordinary for lutes and voices, men hadde skrive musikk for hoffet før dette òg. Han var tilsett ved det kongelege hoffet heile resten av levetida si.

Kong Charles låg i strid med Parlamentet, og den enda i den engelske borgarkrigen. Lawes slutta seg då til rojalisthæren og fekk plass i livgarden til kongen. Dette blei gjort for å halde han utanfor fare, men den 24. september 1645 han blei likevel skoten av ein «roundhead» under den kaotiske tilbaketrekkinga då rojalistane blei slått ved Battle of Rowton Heath nær Chester. Kongen sørgde over slektningen sin, Bernard Stuart, som fall i det same slaget, men fann plass til å arrangere ei minnehøgtid for Lawes, der han ser ut til å ha gjeve Lawes tittelen «Father of Musick».[1] Thomas Jordan slutta epitafen sin over William Lawes med eit ordspel på det faktum at Lawes vart drepen av motstandarar av eit kongedømme av Guds nåde:

«Will. Lawes was slain by such whose wills were laws.»

William Lawes skreiv verdsleg musikk og songar for hoff-maskeradane, og hymner og motettar for dei private gudstenestene til kongen. I dag er Lawes mest kjend for dei sublime suitane sine for gambeconsorts med mellom tre og seks instrument og for lyra viol-musikken.

Eit karakteristisk trekk ved musikken til Lawes er temakonstruksjonar som han bygger opp frå små motivceller og så omarbeider kontrapunktisk, eit trekk som peikar framover i musikkhistoria. Ein overstrømmande, ofte sterkt kromatisk harmonikk er eit anna kjenneteikn. I sonatane (Fantasy Sonatas) for ein eller to fiolinar, bassgambe og klaviaturinstrument, utvikla Lawes ein instrumentalt orientert stemmeføring der dei ulike instrumenta overtek og fører vidare melodilinja. Dette er ein forløpar for det som i klassisismen blir kalla gjennombrote arbeid.

Lawes var framom si eiga tid og i lang tid etter at han døydde, og blei neglisjert i fleire hundre år. Først i dei seinare åra er det blitt mogleg å høyre musikken hans igjen.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • For ye violls: Consort setts in 5 & 6 parts, Fretwork & Paul Nicholson; Virgin Classics 91187-2; 1991
  • Sonatas for violin, bass viol and organ , London Baroque; Harmonia Mundi HMA 1901493; 1994
  • Fantasia Suites for two violins, bass viol and organ, The Purcell Quartet; Chandos CHAN0552, 1994
  • Royall Consort Suites , The Purcell Quartet with Nigel North & Paul O'Dette; Chandos CHAN0584/5, 1995
  • Consort Music for Viols, Lutes and Theorbos , The Rose Consort of Viols, Timothy Roberts, Jacob Heringman & David Miller; Naxos 8.550601; 1995
  • Royall Consort Suites vol 1, The Greate Consort; Gaudeamus CD GAU146, 1995
  • Concord is conquer'd: Consort setts for 5 & 6 viols. 4 Herrick songs. Pieces for lyra viol, Fretwork, Catherine Bott, Richard Boothby & Paul Nicholson; Virgin Classics 5451472; 1995
  • Royall Consort Suites vol 2, The Greate Consort; CD GAU147, 1997
  • The Royal Consort & lute songs, René Jacobs, Sigiswald Kuijken, Lucy van Dael, Wieland Kuijken, Toyohiko Satoh, Edward Witsenbug, Gustav Leonhardt; Sony Classical 1997
  • Fantazia suites for violin, bass viol and organ, Music's Re-creation; Centaur CRC 2385; 1998
  • Suites pour une et trois lyra-violes, Jonathan Dunford, Sylvia Abramowicz & Sylvia Moquet; Adès 465 607-2; 1998
  • Consorts in four and five parts, Phantasm & Sarah Cunningham; Channel Classics CCS 15698; 2000
  • Consorts in six parts, Phantasm, Susanne Braumann & Varpu Haavisto; Channel Classics CCS 17498; 2002
  • Consort Sets in Five & Six Parts, Jordi Savall - Hespèrion XXI - Alia Vox 9823 A+B[2]
  • Consort sets in five & six parts, Hespèrion XXI, Alia Vox AV9823A, AV9823B; 2002
  • Knock'd on the head: William Lawes, music for viols, Concordia, Metronome MET CD 1045; 2002
  • William Lawes: In loving memory. Musica Oscura 070972-2

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Pinto, David. "Lawes, William, §1: Life", Grove Music Online, ed. L. Macy, grovemusic.com.
  2. Classicalacarte

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]