Your Cheatin' Heart
Your Cheatin' Heart av Hank Williams | ||
A-side |
«Kaw-Liga» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1953 | |
Innspelt | 23. september 1952 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | MGM Records | |
Komponist | Hank Williams | |
Tekstforfattar | Hank Williams | |
Låtskrivar(ar) | Hank Williams | |
Produsent | Fred Rose | |
Hank Williams-kronologi | ||
«You Win Again» (1952) | Your Cheatin' Heart | «Kaw-Liga» (1953)
|
«Your Cheatin' Heart» er ein songs kriven og spelt inn av countryartisten Hank Williams i 1952, og rekna som ein av dei viktigaste countrystandardane. Han vart inspirert til å skrive songen då han køyrde med forloveden sin frå Nashville til Shreveport i Louisiana. Etter å ha skildra den første kona si, Audrey Sheppard, som «Cheatin' Heart», dikterte han teksten til Billie Jean Jones i løpet av nokre minuttar. Innspelinga vart produsert av Fred Rose, og Williams spelte inn songen på den siste innspelinga si ved Castle Records i Nashville, den 23. september.
«Your Cheatin' Heart» vart gjeve ut i januar 1953. Etter Williams døydde under ein køyretur til ein nyårskonsert i Canton i Ohio, vart songen raskt ein stor suksess. Han toppa Billboard's Country & Western-lista i seks veker og selde over ein million eksemplar. Suksessen til songen heldt fram med andre versjonar. Joni James sin versjon nådde andreplassen på Billboard's Most Played in Jukeboxes same året, medan Ray Charles sin versjon frå 1962 nådde 29. plassen på Billboard Hot 100 og 13. plass på UK Singles Chart. Songen er rangert på 217. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene, og vart rangert på femteplassen på Country Music Television si liste over dei 100 beste countrysongane gjennom tidene.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]I 1952 hadde Williams hadd ei lang rekkje suksessrike singlar, «Honky Tonk Blues», «Half as Much», «Setting the Woods on Fire», «Jambalaya (On the Bayou)» og «You Win Again».[1] Samstundes som karrieren nådde nye høgder, var ekteskapet hans med Audrey Sheppard turbulent. Han utvikla fleire alvorlege problem med alkohol, morfin og smertestillande piller, som han fekk på grunn av store ryggsmerter skapt av spina bifida.[2] Paret skilde seg 29. mai[3] og Williams flytta til mor si.[4]
Kort tid etter møtte Williams Billie Jean Jones bak scenen i Ryman Auditorium, ei jente frå Shreveport i Louisiana, «som på den tida var kjæraste med Faron Young. Williams vart saman med Jones då forholdet hennar med Young slutta, og dei to byrja etter kort tid å planlegge eit bryllaup.[5] Medan han kjørte frå Nashville til Shrevenport for å fortelje foreldra hennar om bryllaupet,[6] snakka Williams om det førre ekteskapet sitt med ho. Han skildra Audrey Sheppard som «cheatin' heart», [7] og sa at ho kom til «å få svi» til slutt.[6] Inspirert av det han hadde sagt, fekk han Jones til å skrive ned teksten til songen, som han raskt dikterte til ho.[7] Den endelege komposisjonen hadde med linja «You'll walk the floor, the way I do», som minna om Ernest Tubb-hitten «Walking the Floor Over You».[8][9]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]
Your cheatin' heart
Hank Williams (1952)
|
Williams spelte inn songen den 23. september i Castle Studios i Nashville. Med på innspelinga var ein steelgitar, spelt av Don Helms,[10] i lag med feler.[11] Innspelinga, som vart Williams si siste, resulterte òg i A-sida «Kaw-Liga», i tillegg til songane «I Could Never Be Ashamed of You» og «Take These Chains from My Heart».[12] Innspelinga vart produsert av forleggjaren til Williams Fred Rose,[13] som gjorde små endringar i teksten til «Your Cheatin' Heart".[14][15] Williams skildra songen til venen Braxton Schuffert, før han spelte songen som «den beste hjartesongen han nokon gong skreiv».[16]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Medan han reiste til ein konsert nyårsaftan i Canton i Ohio, fann sjåføren Williams død i baksetet på bilen under ein stopp i Oak Hill i West Virginia.[17] «Your Cheatin' Heart» vart gjeven ut i slutten av januar 1953.[18] Driven fram av dødsfallet til Williams, vart songen og A-sida «Kaw-Liga» ein hit,[19] og selde over ein million eksemplar.[20]
Billboard skildra songen som «ypparleg melodi og framføring», og la vekt på salspotensialet.[21] I løpet av kort tid nådde songen toppen av Billboard's Top C&W Records, der han vart liggande i seks veker.[22]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Ein versjon av songen, sungen av Joni James i 1953, nådde andreplassen på lista over mest spelte songar på jukeboksar i USA det året.[23] James hevda seinare at ho ikkje hadde høyrt originalversjonen til Williams, men valde å spele han inn etter å ha lese teksten.[24] Ein annan versjon av Frankie Laine, gjeve ut på same tid, nådde 18. plass på lista over mest spelte jukeboks-songar.[23] I 1962 nådde ein versjon av Ray Charles 29. plassen på Billboard Hot 100 og 23. plassen på R&B-lista,[25] medan han nådde 13. plassen på den britiske singellista, UK Singles Chart.[26] Songen er òg spelt av ei rekkje andre artistar som James Brown,[27] Nat King Cole, Van Morrison, Patsy Cline, Del Shannon, Elvis Presley, Gene Vincent, Jon Foreman, Louis Armstrong, Fats Domino, Glen Campbell, Jerry Lee Lewis, LeAnn Rimes og The The.[1][28]
Namnet på songen vart nytta som tittel på filmen om Hank Williams frå 1964. «Your Cheatin' Heart», i tillegg til andre songar av Williams, vart framført i filmen der George Hamilton mima til songane, som vart spelte inn av sonen til Williams, Hank Williams jr.[29]
AllMusic skildra songen som signaturlåten til Hank Williams, og ein uoffisiell hymne for countrymusikken.[30] Rolling Stone kalla songen ein av dei beste countrysongane gjennom tidene,[31] og rangerte han på 217. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Songen vart kåra til den femte beste countrysongen gjennom tidene av Country Music Television i 2003.[32]
To Pepsi Super Bowl-reklamar nytta songen.
Norsk versjon
[endre | endre wikiteksten]Jacob Hjelte har skrive ein norsk tekst med tittelen «Ditt hjertes svik».
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]- Thor Raymond, song med Odeonkvintetten. Innspelt kring juni 1953.
Lister
[endre | endre wikiteksten]Hank Williams
[endre | endre wikiteksten]Liste (1953) | Plassering |
---|---|
Top C&W Records | 1[22] |
Andre versjjonar
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1953 | Joni James | Billboard Most Played in Jukeboxes | 2[23] |
Frankie Laine | Billboard Most Played in Jukeboxes | 18[23] | |
1962 | Ray Charles | Billboard Billboard Hot 100 | 29[25] |
Billboard To R&B Singles | 23[25] | ||
UK Singles Chart | 13[33] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Your Cheatin' Heart» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Aswell, Tom (2009). Louisiana Rocks!: The True Genesis of Rock and Roll. Pelican Publishing. ISBN 978-1-455-60783-9.
- Associated Press (5. juni 2003). «CMT's top songs of country music». USA Today. Henta 16. mai 2013.
- Billboard Staff (1953). «This Week's Best Buys». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). ISSN 0006-2510.
- Billboard Staff 2 (1953). «Top Popular Records». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.) 45. ISSN 0006-2510.
- Billboard staff 3 (1963). Hits of the World. Billboard 75 (Nielsen Business Media, Inc.). ISSN 0006-2510.
- Browne, Ray; Browne, Pat (2001). The guide to United States popular culture. Popular Press. ISBN 978-0-879-72821-2.
- Carlin, Richard (2005). Country. Infobase Publishing. ISBN 978-0-816-06977-4.
- Campbell, Michael (2008). Rock and Roll: An Introduction. Cengage Learning. ISBN 978-0-534-64295-2.
- Devine, T. M.; Wormald, Jenny (2012). The Oxford Handbook of Modern Scottish History. Oxford University Press. ISBN 978-0-191-62433-9.
- Flippo, Chet (1985). Your Cheatin' Heart: A Biography of Hank Williams. Doubleday Publishing. ISBN 978-0-385-19737-3.
- Fox, Pamela (2009). Natural acts: gender, race, and rusticity in country music. University of Michigan Press. ISBN 978-0-472-07068-8.
- Geller, Wendy (2012). «Hear Jennifer Nettles Take On Hank Sr. Classic In Pepsi Max Commercial». Yahoo! Music. Yahoo, Inc.
- Helander, Brock (1998). The rockin' '50s: the people who made the music. Schirmer Books. ISBN 978-0-028-64872-9.
- Hischak, Thomas (2002). The Tin Pan Alley song encyclopedia. Greenwood Press. ISBN 978-0-313-31992-1.
- Houghtaling, Adam Brent (2012). This Will End in Tears: The Miserabilist Guide to Music. HarperCollins. ISBN 978-0-062-09896-2.
- Jennings, Dana (2008). Sing Me Back Home: Love, Death, and Country Music. Macmillan. ISBN 978-1-429-99624-2.
- Joyner, David Lee (2008). American Popular Music. McGraw-Hill Education. ISBN 978-0-073-52657-7.
- Kingsbury, Paul (2006). Will the circle be unbroken: country music in America. DK Publishing. ISBN 978-0-756-62352-4.
- Koda, Cub (2012). Your Cheatin' Heart. AllMusic (Rovi Corporation). Henta 15. mai 2013.
- Koon, George William (2002). Hank Williams, so Lonesome. University of Mississippi press. ISBN 978-1-57806-283-6.
- Pugh, Ronnie (1998). Ernest Tubb: The Texas Troubadour. Duke University Press. ISBN 978-0-822-32190-3.
- Riggs, Thomas (2006). Encyclopedia of major marketing campaigns 2. Gale Books. ISBN 978-0-787-67356-7.
- Rhodes, Don (2008). Say it Loud!: My Memories of James Brown, Soul Brother Number 1. Globe Pequot. ISBN 978-1-59921-674-4.
- Rolling Stone staff (2004). «500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Wenner Media LLC. Henta 15. mai 2013.
- Rolling Stone staff (2011). «Your Cheatin' Heart». Wenner Media LLC. Arkivert frå originalen 6. mars 2014. Henta 15. mai 2013.
- Rotella, Mark (2010). Amore: The Story of Italian American Song. Macmillan. ISBN 978-1-429-97847-7.
- Tichi, Cecelia (1998). Reading country music: steelgitarar, opry stars, and honky-tonk bars. Duke University Press. ISBN 978-0-822-32168-2.
- Tyler, Don (2008). Music of the post war era. ABC-Clio. ISBN 978-0-313-34191-5.
- Williams, Roger M. (1981). Sing a sad song: the life of Hank Williams. University of Illinois Press. ISBN 978-0-252-00861-0.
- ↑ 1,0 1,1 Helander 1998, s. 188.
- ↑ Koon 2002, s. 10.
- ↑ Williams 1981, s. 96.
- ↑ Koon 2002, s. XII.
- ↑ Koon 2002, s. 200, 201.
- ↑ 6,0 6,1 Tyler 2008, s. Your Cheatin' Heart, s. 176, ved Google Books.
- ↑ 7,0 7,1 Tichi 1998, s. 212.
- ↑ Pugh 1998, s. Your Cheatin' Heart, s. 154, ved Google Books.
- ↑ Fox 2009, s. 87.
- ↑ Jennings 2008, s. Your Cheatin' Heart, s. 86, ved Google Books.
- ↑ Campbell 2008, s. Your Cheatin' Heart, s. 53, ved Google Books.
- ↑ Koon 2002, s. 67, 120.
- ↑ Kingsbury 2006, s. 161.
- ↑ Joyner 2008, s. 149.
- ↑ Koon 2002, s. 95.
- ↑ Flippo 1985, s. 204.
- ↑ Browne & Browne 2001, s. 914.
- ↑ Billboard Staff 1953, s. Your Cheatin' Heart, s. 28, ved Google Books.
- ↑ Carlin 2005, s. 217 Your Cheatin' Heart ved Google Books.
- ↑ Williams 1981, s. 157.
- ↑ Billboard Staff 1953, s. Your Cheatin' Heart ved Google Books.
- ↑ 22,0 22,1 Houghtaling 2012, s. 98.
- ↑ 23,0 23,1 23,2 23,3 Billboard Staff 2 1953, s. Your Cheatin' Heart, s. 30, ved Google Books.
- ↑ Rotella 2010, s. 19.
- ↑ 25,0 25,1 25,2 Aswell 2009, s. Your Cheatin' Heart, s. 15, ved Google Books.
- ↑ Billboard staff 3 1963, s. Your Cheatin' Heart, s. 20, ved Google Books.
- ↑ Rhodes, Don 2008, s. 101.
- ↑ Hischak 2002, s. 422.
- ↑ Hischak 2002, s. 66, 192.
- ↑ Koda 2012.
- ↑ Rolling Stone staff 2011.
- ↑ Associated Press 2003.
- ↑ Billboard staff 3 1963, s. Your Cheatin' Heart, s. 20, ved Google Books.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]218: «Do You Believe in Magic» The Lovin' Spoonful |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 217 «Your Cheatin' Heart» Hank Williams |
216: «Rockin' in the Free World» Neil Young |
- Songar frå 1952
- Hank Williams-songar
- Songar skrivne av Hank Williams
- Songar skrivne av Fred Rose
- Countryballadar
- Patsy Cline-songar
- Elvis Presley-songar
- James Brown-songar
- Jerry Lee Lewis-songar
- George Hamilton IV-songar
- Louis Armstrong-songar
- LeAnn Rimes-songar
- Fats Domino-songar
- Ray Charles-songar
- Connie Francis-songar
- Beck-songar
- Billy Vaughn-songar
- Frankie Laine-songar
- Paul Anka-songar
- Faron Young-songar
- Roy Acuff-songar
- The The-songar
- Charlie Rich-songar
- George Jones-songar
- Nat King Cole-songar
- Glen Campbell-songar
- Gene Vincent-songar
- Les Paul & Mary Ford-songar
- Brenda Lee-songar
- Conway Twitty-songar
- Freddy Fender-songar
- Ernest Tubb-songar
- Count Basie-songar
- Eddy Arnold-songar
- Hank Williams jr.-songar
- Willie Nelson-songar
- Tex Williams-songar
- Van Morrison-songar
- Del Shannon-songar
- Stevie Wonder-songar
- Don McLean-songar
- Smokey Robinson-songar
- Loretta Lynn-songar
- Roy Orbison-songar
- Skeeter Davis-songar
- Petula Clark-songar
- Kitty Wells-songar
- Tennessee Ernie Ford-songar
- Brian Setzer-songar
- Charlie McCoy-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010