Hopp til innhald

Zarqa guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zarqa
الزرقاء
guvernement
Land  Jordan
Distrikt 4
Byar Russeifa
Hovudstad Zarqa
Retningsnummer +(962)5
Urban 94.5%
Landsbygd 5.5%
Kart
Zarqa guvernement
31°50′00″N 36°50′00″E / 31.8333°N 36.8333°E / 31.8333; 36.8333
Kart som viser Zarqa guvernement.
Kart som viser Zarqa guvernement.
Kart som viser Zarqa guvernement.
Wikimedia Commons: Az Zarqa

Zarqa guvernement (arabisk محافظة الزرقاء‎, romanisert Muħāfazat az-Zarqāʾ, lokale dialektar ez-Zergā eller ez-Zer'a) er det tredje største guvernementet i Jordan etter folketal. Det administrative senteret og den største byen i Zarqa guvernement er byen Zarqa. Han ligg 25 km aust for den jordanske hovudstaen Amman. Den nest størte byen i guvernement er Russeifa.

I Zarqa guvernement ligg dei største militær- og flybasane i Jordan.

Området som Zarqa guvernement dekkjer har vore busett sidan bronsealderen, mellom anna av ammonittane og nabatearane, som bygde fortet kalla Qasr al Hallabat, som òg vart nytta som fort av romarane, og så som ørkenpalass av omajadane. Dei viktigaste historiske stadane er ørkenpalassa til omajadane, som Qasr Amra på verdsarvlista, Qasr al Hallabat, Qasr Shabib i sentrum av Zarqa, i tillegg til Azraqborga.

Etter dei osmanske tyrkarane bygde Hedjaz-banen i byrjinga av 1900-åra, vart Zarqa eit strategisk trafikknutepunkt mellom Damaskus og Medina, og byane langs banen byrja å vekse. Den arabiske legionen frå Jordan, leia av Glubb Pasha, hadde hovudbasen sin i Zarqa.

Zarqa guvernement grensar til Mafraq guvernement i nord og nordaust, Amman guvernement i sør og sørvest, Jerash og Balqa guvernement i vest. Det grensar òg til Saudi-Arabia heilt søraust. Det meste av guvernementet består av Den syriske ørkenen og er tett folkesett. Dei to byane Zarqa og Russeifa er høvesvis den nest og fjerde største i Jordan.

Folketeljinga i 2004 syner at folketalet i Zarqa guvernement var 727 268. Jordansk statistikkdepartement estimerte at folketalet i 2010 var 910 800.[1]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Zarqa guvernement er delt inn i tre departement:

Nahiyaer i Zarqa guvernement etter folketal (2004)[2]
Nahiya Arabisk namn Folketal (2004) Adm. senter
1 Al-Qasaba nahiya لواء قصبة الزرقاء 450 102 Zarqa
2 Russeifa nahiya لواء الرصيفة 268 237 Russeifa
3 Hashemiyya nahiya لواء الهاشمية 46 311 Hashemiyya
  1. Jordan National Census of 2004 Table 3-1 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. juli 2011, henta 4. oktober 2015 
  2. 2004 Census (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. juli 2011, henta 4. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Zarqa guvernement