Zhou Chunxiu
Zhou Chunxiu | |
Statsborgarskap | Folkerepublikken Kina |
Fødd | 15. november 1978 (46 år) Sheqi |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Asialeikene 2006, Asialekene 2010 |
Zhou Chunxiu (fødd 15. november 1978) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Jiangsu. Ho vann VM-sølv 2007 og OL-bronse 2008 i maratonløping. Både i 2006 og 2010 sigra ho i maratontevlinga under Asia-leikane.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Zhou vann Xiamen maraton både i 2003, 2004 og 2005. I 2005 sigra ho òg i Seoul maraton, ein triumf ho gjentok året etter då ho sette løyperekord med verdsbestetida 2.19.51. Seinare i 2006 sprang ho inn til gull i maraton under Asia-leikane i Doha.
I 2007 vann Zhou London maraton på sterke 2.20.38. Ved verdsmeisterskapen i Ōsaka same året kom ho i mål til sølv, åtte sekundar bakom Catherine Ndereba frå Kenya og med eit forsprang på ti sekundar til bronsemedaljør Reiko Tosa frå Japan.
Under dei olympiske sommarleikane 2008 i heimlandet sikra Zhou seg bronsemedaljen i maratonløpet, eit løp Constantina Tomescu frå Romania vann framom Catherine Ndereba. Etter ein fjerdeplass i Berlin-VM 2009, lukkast Zhou å forsvare meistertittelen i maraton under Asia-leikane 2010 i Guangzhou.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2004 i Aten: Nr 33 – 2.42.54
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 2.24.12
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 2.30.45
- OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 2.27.07
- VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 2.25.39
- VM 2011 i Daegu: Nr 6 – 2.29.58
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zhou Chunxiu» frå Wikipedia på tysk, den 25. juni 2019.
- «Zhou Chunxiu» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. mars 2023.