Zinke
Zinke | |||
Stille alt-zinke (med innfrest munnstykke, krum zinke, tenorzinke | |||
Klassifisering | keyed chromatic trumpets | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 423.21 |
Ein zink (òg zinke eller sink, italiensk cornetto, engelsk cornett) er eit historisk musikkinstrument nytta i mellomalderen, renessansen og tidleg barokk,[1] med blomstringstid tidleg på 1600-talet. Han vart vanlegvis laga av tre, sjeldnare av elfenbein, var åttekanta og med skinnovertrekk og hadde seks fingerhol og eit tommelfingerhol.[1] Han vert i dag klassifisert som eit messingblåseinstrument.
Ofte vert zinken sett på som ein mellomting mellom blokkfløyte og trompet. Frå 1400-talet til midten av 1600-talet var zinken eit av dei viktigaste musikkinstrumenta med ry på seg til å kunne imitere den menneskelege stemma.[1]
Byggemåtar
[endre | endre wikiteksten]Zinken vert vanlegvis stemt i middeltone temperering og derfor er litteraturen vanlegvis avgrensa til toneartar opp til to forteikn.
Til grunn for ein zinkekonstruksjon ligg eit konisk røyr med sju hol. Ulike typar er:
- krum zinke (cornetto curvo), lett krumma utført i to uthola, samanlimte og lærovertrekte halvdelene, vanlegvis i følgjande storleikar:
- i eit normalt sopranleie (cornetto) – djupaste tone er a. G-grep.
- den mindre diskant- eller kvartzinken (cornettino) i eit høgare toneleie.
- tenorzinke i eit djupare toneleie, lengre og vanlegvis krumma i s-form.
- rett zinke (cornetto diritto) er sjeldne.
- stille zinke (cornetto muto) er rette og laga i eit stykke tre med utfrest munnstykke som ikkje kan takast av. Volumet er lågare og tonen mindre skarp enn for dei andre variantane
- serpent er ei bassform av instrumentfamilien.
Komponistar som har skrive for zinke
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zink» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2010.