Adam Kszczot
Adam Kszczot | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 2. september 1989 (35 år) Opoczno |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, 800 meter under EM i friidrett 2014 – menn, EM i friidrett 2018 – 800 meter menn |
Utmerkingar | Fortjenstkorset i gull |
Adam Piotr Kszczot (fødd 2. september 1989) er ein polsk mellomdistanseløpar frå Opoczno. Han er trifaldig europameister på spesialdistansen 800 meter i tida 2014-18 og tok VM-sølv på same distansen både i 2015 og 2017, samt EM-bronse 2010. Frå innandørsmeisterskapane har han fått med seg to EM-gull, VM-sølv og VM-bronse.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kszczot vann 800 meter under U23-EM 2009 med tida 1.45,81. Same sesongen vart han polsk meister på 800 meter, og deltok i verdsmeisterskapen i Berlin, utan å nå finalen. I 2010 deltok han i innandørs-VM 2010 i Doha, der vart nummer tre med tida 1.46,69. Også ved EM i friidrett 2010 i Barcelona fem månader seinare kom han på bronseplassen på 800 m.
I mars 2011 sprang Kszczot inn til siger på 800 m ved innandørs-EM 2011 i Paris, med landsmannen Marcin Lewandowski på plassen bak. Ein ny triumf kunne han bokføre då han ved U23-EM i Ostrava i juli månad vann på tida 1.46,71. Vel ein månad seinare vart han nummer seks på 800 meter då VM 2011 vart avvikla i Doha. Mindre enn to veker etter VM sette han personleg rekord med 1.43,30 i italienske Rieti. Året etter vart han slått ut i semifinalane under Sommar-OL i London.
Kszczot forsvarte i 2013 EM-tittelen på 800 m innandørs, ein prestasjon ingen hadde gjort på 42 år. I 2014 var han suveren på 800 meter under europameisterskapen i Zürich, der Artur Kuciapski syrgde for polsk dobbeltsiger. I VM-finalen 2015 viste spurtsterke Kszczot sin fremste styrke då han passerte fleire løparar på oppløpssida og tok sølvet, bak verdsrekordhaldaren David Rudisha. Sommaren 2016 vann Kszczot 800 m ved friidretts-EM i Amsterdam, som i innandørs-EM 2011 kom landsmannen Lewandowski inn til sølvmedalje.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane (1.46,33 =nr 16)
- EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 1,47,22
- VM 2011 i Daegu: Nr 6 – 1,45,25
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane (1.45,34 =nr 12)
- VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane (1.45,68 =nr 12)
- EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 1.44,15, framom Artur Kuciapski (1,44,89)
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 1.46,08, bakom David Rudisha (1.45,84)
- EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 1.45,18, framom Marcin Lewandowski (1,45,54)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i semifinalane (1.44,70 =nr 9)
- VM 2017 i London: Sølvmedalje - 1.44,95, bakom Pierre-Ambroise Bosse (1.44,67)
- EM 2018 i Berlin: Gullmedalje – 1.44,59, framom Andreas Kramer (1.45,03)
- VM 2019 i Doha: Utslått i semifinalane (1.45,22 =nr 11)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adam Ksczot» frå Wikipedia på tysk, den 12. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Adam Ksczot» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1989
- Polske friidrettsutøvarar
- Mellomdistanseløparar
- Europameistrar i friidrett for Polen
- Polske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Polske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Deltakarar under VM i friidrett 2009
- Deltakarar under EM i friidrett 2010
- Deltakarar under VM i friidrett 2011
- Deltakarar under VM i friidrett 2013
- Deltakarar under EM i friidrett 2014
- Deltakarar under VM i friidrett 2015
- Deltakarar under EM i friidrett 2016
- Deltakarar under VM i friidrett 2017
- Deltakarar under EM i friidrett 2018