Arild
Utsjånad
- «Aril» omdirigerer hit. For plantedelen, sjå frøkappe. For staden, sjå Arild i Skåne.
Arild er eit mannsnamn delvis utvikla frå namnet Harald, delvis gjennom dansk frå det tyske namnet Arnold.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga frå 1801 vart fire personar manntalsførte med namnet Arild som første eller andre fornamn, tre av desse budde i Troms.
I teljinga frå 1900 var det 126 personar som het Arild.
I 2008 er det vel 10 800 som har Arild til første fornamn, og i tillegg er det vel 200 som skriv seg for Aril.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Arild Huitfeldt (1546–1609), norskfødd dansk historikar og statsmann
- Arild Sandvold (1895-1983), norsk komponist og musikar
- Arild Feldborg (1912-1987), norsk revyforfattar
- Arild Haaland (f. 1919) norsk professor
- Arild Rypdal (f. 1934), norsk forfattar
- Arild Nyquist (1937-2004), norsk forfattar
- Aril Edvardsen (1938–2008), norsk evangelist
- Arild Andersen (f. 1945), norsk musikar
- Arild Bergström (f. 1947), norsk biletkunstnar
- Arild Stubhaug (f. 1948), norsk forfattar
- Arild Helleland (f. 1949), norsk operasongar
- Arild Rein (f. 1960), norsk forfattar
- Arild Nybø (f. 1967), norsk journalist
- Arild Undheim (f. 1969), norsk idrettsmann
- Arild Stavrum (f. 1972), norsk fotballtrenar
- Arild Fröhlich (f. 1972), norsk filmregissør
- Arild Sundgot (f. 1978), norsk fotballspelar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Frå arilds tid - eit uttrykk som ikkje har samanheng med namnet Arild.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
- Søk etter norsk namnestatistikk for Arild hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet