Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Anders/Arkiv 1

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Anders! Ha det på badet din gamle sjokolade! Bjarte 8. august 2005 kl. 21:42 (UTC)

Takk for den :) Får håpe det ikkje vert for mykje helserisiko på nn.wikipedia.org med meg her...--Anders 9. august 2005 kl. 13:20 (UTC)

Stril og stolt av det? Hmmm... Den var ny. Vel, vel, likevel: Velkomen skal du vere :-) --Bep 9. aug. 2005 kl. 15:39 (UTC)

Velkommen herfifrå òg! St(r)ilig brukarside du har! ;) Olve 9. august 2005 kl. 19:34 (UTC)

Velkomen skal du vera. Eg er etnisk sett halvt Melandsstril (og halvt jærbu), og har vore litt rundt om kring i Lindås og Knarvik. Eg har prøvd å skriva om nokre emne knytt til strilelandet, men det er sikkert mykje att å skriva om ... --Gunnernett 10. august 2005 kl. 07:32 (UTC)

Når du umset frå høgnorsk, klikk fyrst på "endre" slik at du kann henta ut heile teksten med alle tags! Dersom du berre klypper og limer vert all wikifiseringi burte! --Linuxboksen 10. august 2005 kl. 15:00 (UTC)


OpenOffice.org

[endre wikiteksten]

Det går bra, men kom det ikkje opp skjermbilete med "Endringskonflikt"? EIRIK\diskusjon 10. august 2005 kl. 19:07 (UTC)

Trur ikkje det??? --Anders 10. august 2005 kl. 21:04 (UTC)

Hei Anders, fint at nokon skriv om OOo. Kan du passa på å alltid bruka rett namn på programmet? «OpenOffice.org», ikkje «Open Office» som i Open Office Writer og dei andre artiklane du nett oppretta. GauteHK 10. august 2005 kl. 20:12 (UTC)

Openoffice vart namna på artiklane, og ikkje Openoffice.org, fordi det var slik dei var formaterte i "artiklar vi bør ha". Fint du retta opp den... --Anders 10. august 2005 kl. 21:04 (UTC)

== Tips :-) == (limt inn frå Brukardiskusjon:Anders/sandkasse --Anders 28. des. 2005 kl. 15:34 (UTC)) Tak gjerne ein titt på Bilete av svenske regentar eller Bilete av barokkomponistar for inspirasjon til korleis ein kan byggje opp biletarkiv med leksikalsk innhald. I dette tilfellet vil eit slikt gallerioppsett kunna ha flagget til kvart land som bilete, og biletteksten kan vera landsnamnet, årstalet at flagget vart vedteke o.a. :) Trøytte helsingar frå Olve 13. august 2005 kl. 07:14 (UTC)

Takk! Er ikkje heilt vaken eg heller enno, forresten. Men det sjåast... :) --Anders 13. august 2005 kl. 07:28 (UTC)

Lisensiering av bilde

[endre wikiteksten]

Hallo! Flott at du lastar opp eigne bilde hit, last dei gjerne au opp på commons: så andre wikipediaar kan nytte dei. Men, du glømte å gi bildet ein lisens, ta ein kikk på Wikipedia:Mal/Bilete for å sjå noen du kan velje blant.
Dessutan, eit tips ved fotografering: Når du skal ta eit bilde av noe ein mørk plass bør du slå av blitsen viss det du tar bilde av er langt unna. Blitsen på kompaktkamera rekk kun fire-fem meter, ekstern blits på spegelreflekskamera noe lengre. Ved blitsbruk blir difor forgrunnen lys, men bakgrunnen mørk. Slår ein av blitsen justerer kameraet seg etter det og bakgrunnen kjem bedre fram. --KRISTAGAα-ω 9. september 2005 kl. 14:05 (UTC)

Ja, eg veit det ikkje er eit profesjonelt bilete, men så er ikkje kompakte kameraer til profesjonelt bruk, akkurat. ;) Kameraet er eit Olympus kompaktkamera med den noko småmorosame benevninga Trip Af S2. Manuell blits er mogleg, men bare til å slå den på med. Får sjå om eg får kjøpt meg eit digitalkamera etterkvart, dei er jo vortne svært gode i det siste... --Anders 9. september 2005 kl. 15:26 (UTC)

Meir om bilde

[endre wikiteksten]

Du kan lesa meir om korleis du gjer det på Wikipedia:Korleis lasta opp filer og Wikipedia:Korleis visa bilete. Så snart du føler deg trygg nok bør du òg vurdera å bruka Commons, slik at alle wikiane kan bruka bildene dine. Det er slett ikkje så vanskeleg, men kanskje ein litt mindre vennleg plass enn nn:. -- Ranveig 9. september 2005 kl. 15:33 (UTC)

Ja, eg har lasta det same biletet opp på commons og no, men såvidt eg kan sjå peikar biletet til nn fortsatt. Kanskje det må slettast før alt vert riktig?

huff, det vart mykje rot no... :/ --Anders 9. september 2005 kl. 15:40 (UTC)

Neida, dette går bra. Det meste har du jo gjort rett, bra filnamn, bra beskriving av kva bildet inneheld osv. Så dette blir bra. Nå har eg sletta bildet ditt her på nn.wiki sia du lasta opp eit likt på commons:. --KRISTAGAα-ω 9. september 2005 kl. 15:50 (UTC)

Biletet du la inn i artikkelen Zilog Z80 verka ikkje fordi det kun var opplasta til en:, og ikkje til commons:. Commons ville nok heller ikkje godteke det, og ikkje vi her på nn: heller, sidan det ikkje har ein god nok lisens. Engelsk Wikipedia har kome heilt ut av styring når det gjeld bilete. EIRIK\diskusjon 10. september 2005 kl. 15:07 (UTC)

Gjentaking av interwikilenkjer

[endre wikiteksten]

Eg likar det ikkje spesielt godt eg heller, men det er vedteke at ein skal gjenta skanwikilenkjene i interwikibolken når det er over åtte interwikilenkjer (ikkje medrekna skanwikilenkjene). Eg rullar attende endringa di på Nintendo Entertainment System. EIRIK\diskusjon 13. sep. 2005 kl. 15:56 (UTC)

Høh? Det der skjønar eg ikkje heilt kvifor skal vere naudsynt. Kan du finne fram noko dokumentasjon om dette? Så kanskje eg vert litt klokare... --Anders 13. sep. 2005 kl. 16:06 (UTC)

Wikipedia-diskusjon:Interwikilenkjer, øvst. Men om me får endringa i programvaren som gjer skanwiki automatisk er det visstnok ikkje mogleg å ta opp att dei skandinaviske peikarane, så det er eigentleg ikkje så farleg om ein gjer det slik eller slik. -- Ranveig 13. sep. 2005 kl. 16:16 (UTC)

Sjå punkt 4.1 på Wikipedia:Interwikilenkjer#Retningsliner for dokumentasjon. EIRIK\diskusjon 13. sep. 2005 kl. 16:19 (UTC)

Hjelpesideutvikling

[endre wikiteksten]

Hjelp:Innhald kan kanskje brukast som utgangspunkt for noko betre. -- Ranveig 14. sep. 2005 kl. 14:53 (UTC)

Etter å snakka med Ditteva/Guttorm for nokre dagar sidan, er det nettopp Hjelp:Innhald, eg sit å endrar, for at me skal ha ein heil(ny)norsk hjelpeside utan eksterne, framandspråklege lenkjer. Etter å ha leita på dei andre wikipediane, mistenkjer eg at nynorsk wikipedia er den einaste som bruker Wikimedia som referansekjelde. Den er so omfattande og så teknisk at eg heller bruker hjelpesida ti en.wikipediaen som referansepunkt. Om det så skulle vera noko på Wikimedia som dykk administratorar likevell skulle sakna, så får det flettast inn seinare.Anders 14. sep. 2005 kl. 15:24 (UTC)

Okei! Då er det greitt, eg såg bare at dei to sidene var veldig like og var redd for at du gjorde ekstraarbeid. Den engelske wikipediasida har nok opplevd meir omsorg enn wikimediasida, så ho er sikkert betre. -- Ranveig 14. sep. 2005 kl. 15:42 (UTC)

Det blir litt ekstra arbeid med måten eg gjer det på, men sidan eg gjer det i mi eiga sandkasse, slepp ein i det minste at den reelle hjelpesida "forsvinn" før alt er flytteklart. --Anders 14. sep. 2005 kl. 15:59 (UTC)

Retningslinene og spiremalen er Wikipediaemner, dvs. at dei ikkje omhandlar funksjonar i programvaren. Hjelp-namnerommet er tiltenkt (i det minste frå mi side) berre for hjelp omkring programvaren. Dette er mest fordi ein då kan eksportera sidene og bruka dei i andre prosjekt som brukar MediaWiki, inkludert andre Wikimedia-prosjekt. Alt som er spesielt for Wikipedia høyrer difor heime i Wikipedia-namnerommet. Greit om eg flyttar tilbake? --Guttorm 14. sep. 2005 kl. 16:49 (UTC)

Oops.. Så klart!--Anders 14. sep. 2005 kl. 16:52 (UTC)

OK :-) Forresten flott at du tek tak i dette, men eg trur det er bra om du tek utgangspunkt i både meta og en.wikipedia (ev. no.wikipedia?), då eg reknar med at utviklarane brukar meta meir og det kanskje er eit betre presisjonsnivå der (og kanskje betre rammeverk?). --Guttorm 14. sep. 2005 kl. 16:56 (UTC)

Me får sjå! Eg har så steikande vondt i hovudet akkurat no, så best eg gjer meg for i dag. Eg har så langt som rå, råoversete dei fleste artikkellenkjene til nynorsk, men eg tar atterhald i dårleg formulering og at nokre hjelpearikklar allereie finnes, bla iKategori:Wikipediahjelp under eit anna namn. Om du som administrator vil /har tid, Guttorm, kan du jo alltids sjå på Brukar:Anders/sandkasse. Det kan være greit å ha fleire enn to auge. Einast i dag tidleg gjekk det so seint at eg då var redd for hindrande endringskonfliktar.


Ordbruk i redigeringssamandrag

[endre wikiteksten]

Hei Anders :)

I eit redigeringssamandrag nettopp skreiv du: «Om lygnarar og anna fantepakk.»[1] Eg er klar over at dette var skrive med glimt i auga, men det er likevel lurt å prøve å minimere bruken av uttrykk med rasistisk bakgrunn. «Fantepakk» er eit rasistisk omgrep for romanifolk og samanstillinga med «lygnarar» refererer til ein (tidlegare?) utbreidd fordom om romanifolket.) Du meinte det no sikkert ikkje slik, så du får unnskylde at eg «lagar eit nummer» av det. Men det er lurt om vi prøver å unngå språkbruk som set prosjektet vårt i dårleg lys — sjølv når det berre er på fleip — om det er så synleg plassert som i redigeringssamandraget. Elles får du ikkje taka denne «peikefingeren» for hardt — du gjer no mykje (minst 99,999%, trur eg!) godt arbeid! Beste helsing frå Olve 19. nov. 2005 kl. 18:18 (UTC)

Nei, det var ikkje slikt meint, sjølvsagt! Rasisme var overhovudet ikkje i tankane mine, men om det kan tolkast slik, beklagar eg sjølvsagd at eg ordla meg på den måten. --Anders 19. nov. 2005 kl. 18:30 (UTC)
Ja, eg rekna no med at det var slik det var. Det er no vel òg slik i dag at mange ikkje kjem i hug at «fant» (og «tater» og «splint») er folkenamn, og da er det kanskje lett å gløyme seg. :] Olve 19. nov. 2005 kl. 21:07 (UTC)

Hjelpesideutvikling

[endre wikiteksten]
Hei, Anders! Eg vil helst ikkje klussa med dine private sider, men viss hovudverken er borte, ville det vera fint om du kunne fjerna sandkassa di frå kategorien Wikipediahjelp no.  :-)
--Verdlanco\ordskifte 28. des. 2005 kl. 08:13 (UTC)
Hallo Ulf/Verdlanco! Mine brukarsider er no ikkje meir "privat" enn at dei er GFDL å rekne som, unteke brukarbiletet om det var det som fekk deg til å lure? Sandkassa vart for tungvint å nytta, vart liksom å gjera same tingen dobbelt, så den merkar eg no for sletting... --Anders 28. des. 2005 kl. 15:19 (UTC)

Hei. Eg har henta bileta ifrå ei side som heite www.fjellatlas.no og dei er tekne av Svein hjelmeset(læraren min). Eg har løyve av han og legge inn ka eg vill frå fjellatlas.

MVh nicolaym