Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Eivindgh

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia, Eivindgh! Eg føreslår at du tek ein kikk på stilmanualen vår for å sjå korleis artiklar bør setjast opp og korleis du enkelt kan formatere tekst. Du kan finne ei grei innføring til korleis Wikipedia fungerer her. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje! --Anders 13:08, 27 oktober 2006 (UTC)

Babelmalar

[endre wikiteksten]

Hei, eg ser du endrar språkmalane for no og nn. No er det slik at Norsk ikkje er noko skriftspråk, sjølv om dei vranglærde hevdar det. Vi har derimot to skriftspråk her i landet som er norske og jamnstilde som det. Om du saknar ein eigen språkmal for bokmål, bruk {{Mal:Brukar nb}} istaden. {{Mal:Brukar no}} skal vere språknøytral for dei som ynskjer det. Anders 23. juli 2008 kl. 11:51 (CEST)[svar]

Og kvifor opprettar du no nye malar for dei som alt finns? Anders 23. juli 2008 kl. 12:12 (CEST)[svar]
Aksepterar at 'no' er målnøytralt på nynorsk wikipedia, selv om de aller fleste forbinner den koden med bokmål. Nob-malen er opprettet for de som ønsker å ha 'no' på babel, og samtidig opplyse at det er bokmål som er skriftspråket. Det er ingen som forbinder 'nb' med bokmål. --Eivindgh 23. juli 2008 kl. 19:54 (CEST)[svar]
Tja, eg ville no vore litt forsiktig med å kalle over 100 nb-brukarar i ulik grad som ingen. Grunnen til at bokmål er kjend som no innan wp, er at det ein gong i tida var ein norsk wp der det var lov å nytte både nynorsk og bokmål. Etter splittinga i '04 var det mange, både norske og utanlandske, som meina at no burde flyttast til nb ettersom det erISO 639-1 koden for bokmål, ikkje No-b. Grunnen til at no framleis er no, er eigentleg berre avdi bokmåls-wp meina seg norsk på grunn av mengda bokmålsbrukarar (irrelevant) og avdi folk truga sabotere med å slutte. Det forandrar likevel ikkje at det er nb som er ISO 639-1 koden for bokmål. Anders 23. juli 2008 kl. 20:34 (CEST)[svar]

Ros uansett, for ein kjempeinnsats med babelrydding! - Knut 31. juli 2008 kl. 17:54 (CEST)[svar]

Så absolutt ! Anders 1. august 2008 kl. 12:39 (CEST)[svar]
Takk for det. Jobben er no avslutta fra mi side, eg trur ikkje det er naudsynt med nye på ei stund! --Eivindgh 1. august 2008 kl. 12:01 (CEST)[svar]

Filer treng lisens

[endre wikiteksten]

Kan du leggje inn lisens og opplysning om kven som har laga filene på filsidene til:

--Jorunn 3. november 2009 kl. 11:29 (CET)[svar]

Er det du som har laga karta sjølv, Eivind, eller har du henta dei frå ein eller annan stad? Dette må det inn informasjon om på filskildringssidene … --EIRIK\diskusjon 10. november 2009 kl. 22:49 (CET)[svar]
Det beste hadde vore om du lasta opp direkte til Commons. Anders 29. desember 2009 kl. 01:46 (CET)[svar]
Karta har eg laga sjølv med kartprogrammet PX-map frå SSB, mens grunnlagsdata kjem frå Aasen-tunet og Grunnskolens Informasjonssystem. Dei skulle såleis vere frie å bruke. Eg har planar om å revidere fleire av karta og kan i det sambandet leggje dei på Commons. --Eivindgh 24. mars 2010 kl. 09:36 (CET)[svar]
Problemet er at grunnlagsdataa frå Statens kartverk ikkje er frie ... (kor utruleg det enn høyrest ut) --EIRIK\diskusjon 24. mars 2010 kl. 11:06 (CET)[svar]
Eg har spurt SSB, og dei seier det er greit om ein oppgjer følgjande: ”Kartgrunnlag: Statens kartverk”, sjå òg: 6.2 Rettigheter - forholdet til Statens kartverk i SSB - Statistiske temakart og PX-Map - brukerveiledning, oppskrifter og tips --Eivindgh 9. april 2010 kl. 17:42 (CEST)[svar]
Eg har no laga nye kart som eg ynskjer å leggje på Commons, og da med høveleg informasjon om copyright. Men korleis kan ein slette dei karta som ligg på nn.wikipedia? --Eivindgh 26. april 2010 kl. 11:26 (CEST)[svar]
Det mest praktiske er at du gir filene same namnet på Commons som dei har hatt her, så slepper vi å endre i artiklane. Når filene er oppe på Commons, kan du merke filene som ligg her med {{slettfordi|Fila ligg på Commons}}. Den dagen ein administrator så har sletta filene, vil programmet automatisk gå til Commons og hente karta derifrå. -Knut 19. mai 2010 kl. 08:57 (CEST)[svar]

Vekas artikkel

[endre wikiteksten]

Hei!

Eg kunne tenkt meg ein artikkel om Nynorsk i grunnskulen som vekas artikkel. Du skulle eg gjerne hatt ein figur med alle kommunane i Noreg for åra 1945, 1992 og 2009 med dei fargekodane du nyttar i fylkesoversikta. Eg vil gjerne også ha figurar over utviklinga prosentvis og i absolutte tal. Er det mogeleg å få til? Hogne 18. mars 2010 kl. 12:12 (CET)[svar]

Dette gjer eg gjerne! Har faktisk hatt det i planane mine lenge, og no har du gjeve meg ei utfordring til å gjere det. Har òg tenkt å utdjupe artikkelen noko, og ventar i den samanhengen på noko meir informasjon frå Aasen-tunet og Mållaget. Det er difor artikkelen har vorte "liggjande litt på vent". Du har vel ikkje nokre kontaktar der? --Eivindgh 24. mars 2010 kl. 09:27 (CET)[svar]
Flott! Då skal me få han på framsida og etterkvart få litt eit resyme på enwiki med. Eg har diverre ingen kontaktar i Åsen-tunet. Eg har ein fetter som var styremedlem i målaget, men det er lenge sida. Du har uansett gjort eit godt arbeid her! Hogne 26. mars 2010 kl. 16:23 (CET)[svar]
Eg har grunnlagstallene klåre, men er litt usikker på kva du ber om: "utviklinga prosentvis og i absolutte tal". Kan du utdjupe litt? --Eivindgh 3. april 2010 kl. 01:23 (CEST)[svar]
Prosentvis: Kor stor prosent av alle grunnskuleelevar nytta nynorsk i 1951, 1991 og 1009. Absolutte tal: kor mange nynorskelevar var de i grunnskulen i 1951, 1991 og 2009. Gjerne i same linediagram. (Får eg tala så kan eg evt laga diagrammet) Hogne 29. juni 2010 kl. 11:52 (CEST)[svar]

Godt arbeid

[endre wikiteksten]

Det gode arbeidet ditt med skulemålet vert lagt merke til. Ei referatsak på styremøtet i Sunnmøre mållag onsdag 19. mai er: Artikkel på nynorsk Wikipedia om skulemål i Møre og Romsdal --Andreasv 19. mai 2010 kl. 08:36 (CEST)[svar]

Hyggjeleg å høyre! Godt Sunnmøre vart ferdig innan dette møtet. Eg har forøvrig spurd Sunnmøre Mållag om dei har noko kjennskap til målstiden på Nørvasund i Borgund på femtitalet. --Eivindgh 19. mai 2010 kl. 09:17 (CEST)[svar]

TUSC token 3b19d901fd8b6fc25238cf7069fe33ec

[endre wikiteksten]

I am now proud owner of a TUSC account!

Kommun eller kommune?

[endre wikiteksten]

Hei! Eg skulle gjerne hatt di meining om denne kategoridiskusjonen; dersom du har ei. Det dreier seg om det er mest rett å skriva "kommun" eller "kommune" når det gjeld svenske kommunar. Det har vore diskutert før, utan at folk vart samde. Eg har sjølv lagt fram nokre argument for kvifor "kommune" er ei god løysing, men dette er ikkje meint som overtaling til at du skal ta mitt syn. Eg meiner berre at det er ein diskusjon som får konsekvensar, og då vil eg gjerne ha fleire synspunkt enn berre mitt og Ranveig sitt. :) HallvardLid 20. februar 2012 kl. 23:16 (CET)[svar]

Dine filer

[endre wikiteksten]

Hej. Du har lastet opp nogle filer. Kan jeg ikke få dig til at se efter om beskrivelse, kilde/skaper og lisens er som det skal være? --MGA73 (diskusjon) 14. oktober 2014 kl. 19:53 (CEST)[svar]

Hvis de ikke skal bruges til noget så kunne nu måske lokkes til at bede om at filerne slettes? --MGA73 (diskusjon) 14. oktober 2014 kl. 19:55 (CEST)[svar]
Det er forsåvidt greit. De fleste er erstattet av andre figurer, hvor lisensspørsmålet er besvart. Sletting er OK! --Eivindgh (diskusjon) 16. oktober 2014 kl. 12:31 (CEST)[svar]